Smaken av jul

Sjølv om det var fleire varmegrader og regn i lufta klarte damene i Hagelaget å lokka fram den rette julestemninga, då dei inviterte medlemmer og andre til julekransbinding på biblioteket mandag kveld.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Berre fantasien sett grenser i julekransbinding. Marit Landa Ekelund frå Hagelaget saman med Nora Rørheim t.v.

FINNØY:

For mange av dei frammøtte var nok dette den fyrste, skikkelege smaken av jul.,

For her var alt som skal til for å settas i rett modus, tenkt på: Juleverkstad med rikeleg av alt som skal til for å laga flotte, naturlege julekransar, risgrynsgraut, julemusikk, utlodding og kaffi.

Og ikkje minst: 15 damer i godt humør.

Henta frå naturen

– Denne skal på inngangsdøra, smiler Marit Landa Ekelund i Hagelaget og held fram ein krans som ser ut som den kjem rett frå ein interiørbutikk.

Det treng ikkje bli dyrt å laga ein lekker julekrans. Det aller finaste er gratis og kjem frå naturen. Når hagen går i dvale på hausten kan den bli reine skattekammeret med tanke på julekransar.

For her finst faktisk alt du treng.

Margretha Kjølvik Berge laga kveldens største krans. Ho har binde saman betydelege mengder av ulike naturlege vekstar, og berre i nyansar av grønt. Kransen er frodig og vakker, og litt uvøren.

– Eg slår eit slag for det naturlege. Denne kransen kostar ingenting å laga. For fleire år sidan kjøpte eg halmkransen som er sjølve basen, og den har eg brukt om og om igjen. Eg tykkjer faktisk kransen er blant den aller finaste julepynten. Og det som e så genialt, eg blir ikkje lei den på same måte som eg kan bli av annan julepynt, smiler Margretha.

Dei med mindre erfaring i kransebinding, fekk kyndig rettleiing og gode tips av Anbjørg Austbø.