Ivrige lesarar på Finnøy
Bibliotekar Merete Meling Kindingstad ved Finnøy bibliotek seier at dei unge på Finnøy les mykje.
I sommarmånadane har Sølvberget tradisjonen tru arrangert Sommerles, som er ein kampanje for å halde 6–12 åringane sine leseferdigheiter ved like gjennom ferien.
Ved å registrere bøkene dei les eller lyttar til, oppnår ungane poeng som dei kan bytte i premier ved å vende seg til biblioteket.
– Det er mykje trøkk i starten av ferien, fortel Kindingstad.
– Då har barna nett starta ferien og har tid til å lese. Så blir det litt travlare og dei reiser på ferie, og lesinga blir lagt litt på vent. Mot slutten av ferien plar det vere ei auke i aktiviteten att.
Framleis premiar
Då Øyposten vitja biblioteket viste vêret seg frå ei heller dårleg side, og ingen barn hadde tatt turen dit for å hente premiane sine. Kindingstad fortel at dei framleis har premiar att til dei som vil ta seg ein lesemaraton no mot skulestart.
– Kampanjen varer frå 1. juni til 31. august, og det er utruleg kor mykje enkelte klarer å lese på den tida. Dei får eigentleg berre premiar fram til dei når nivå 30, men her på Finnøy er det så mange som har kome langt forbi, så me gjev også ut premie til dei som når nivå 40. Det er det mange som har klart, fortel Kindingstad. Dei får også eit lodd når dei når 40. Då er dei med i trekninga av ein større premie.
Forskningsstøtta
Prosjektet blei i 2018 forska på ved Møreforsking Molde og Høgskulen i Volda, og resultata viser klart at deltakarar ved Sommerles ikkje taper leseferdigheitene sine i same grad som dei som ikkje deltek. Motivasjonen til å lese aukar når barna veit at det ligg ei belønning framføre dei.
Samstundes gjer prosjektet dei unge meir nysgjerrige på bøker, og dei nyttar meir tid på å leite for å finne den boka som passar dei.
– Det varierer veldig kva bøker ungane vel å lese, seier Kindingstad. Nokon les teikneseriar mens andre er interesserte i dei gamle klassikarane av Anne Cath. Vestly. Nokon vil ha noko spennande, mens andre vil lese fakta om dyr og natur. Alt som kan lesast er bra. Det viktigaste er at dei faktisk les.
Andre aktivitetar
Biblioteket har også eit mangfald av andre aktivitetar som har blitt hyppig brukt i sommar. Mange kjem for å sjå film når dei har filmvisingar.
– Kaptein Sabeltann var populær, fortel Kindingstad.
Elles er det mogleg å dra til biblioteket for å spele på datamaskinen eller PlayStation som er plassert i 2. etasje.
No førebur Kindingstad biblioteket til ein innhaldsrik haust med mange aktivitetar og arrangement for store og små. Følgj biblioteket på Facebook for å halde deg oppdatert.
Temaplan til høyring
Stavanger kommune sin temaplan for framtidas bibliotek ligg no ute til offentleg høyring. Her kan du kome med innspel dersom du meiner noko om korleis biblioteka si utvikling skal vere i framtida. Gå inn på Sølvberget sine nettsider viss du vil lese meir om dette.