Dansegruppa Sticky kjem til Kulturstova i mars. Foto: Tale Hendnes

Støtta frå kommunen var avgjerande for at Spiren Scene kan eksistere og arrangere forestillinger for barn og unge.

– Det er midla frå kommunen som har betalt for Økohelter 20. mars. Lokalbefolkninga har også bidratt med midlar gjennom kjøp i kafeen og loppemarknaden i desember, og desse midla er også inne i denne potten, seier Madelaine Gordon Graadahl, som er leiar i Spiren Scene:

– Me fekk mykje lågere tilskot enn det me hadde håpa på, men me er i gong med å søkje om fleire midlar frå andre kantar, slik at me kan levere det programmet som me ønskjer for 2024.

Alexander Montgomery-Andersen og Madelaine Gordon Graadahl driv Spiren Scene. Dei vil blant anna leggje til rette for kunstopplevingar i Ryfylkeøyane. Foto: Silje Talgø Klakegg

To framsyningar

Det vil bli to framsyningar; ein i SFO-tida og ein på ettermiddagen. Begge vil finne stad i Kulturstova på Finnøy skule. Produksjonen er blitt til i samarbeid mellom dansegruppa Sticky, Spiren Scene og Dansenett Norge.

Madelaine fortel at Spiren Scene ikkje har produsert kunstnarisk materiale til denne førestillinga sjølv, men at dei tingar ferdige produkt, som Økohelter. Det er STICKY som er kompaniet bak førestillinga.

Dans på Finnøy

Ho gler seg til at det endeleg vil vere mogleg å sjå ein skikkeleg danseførestilling på Finnøy.

– Dette er noko av det eg har sakna i øyane, seier Madelaine. Ho kjende på utanforskap i heile oppveksten.

– Eg hadde store interesse innan kunst og kultur, men kunne ikkje finne eit fellesskap eg høyrde heime i. Det sto mellom fotball eller religiøse tilbod. Eg reiste derfor til Stavanger for å delta på kulturtilbod der, men grunna reiseveg fekk eg ikkje etablert vennskap der heller. Eg blei heile tida nøydd til å velje mellom interessa mi eller familie og venner. Eg valde interessa og dermed framtida, seier ho:

– Eg sakna sårt eit tilbod for slike som meg, og det er motivasjonen for at eg no ønskjer å leggje til rette for å skape ei betre framtid for barna våre. Derfor har det vore avgjerande for meg at arrangement vil finne stad i distriktet, for det finst ikkje mange tilbod for danseinteresserte i øyane.

Dansenett Norge er med som arrangør på forestillingen, og er også ei viktig brikke i at Økohelter blei til.

Dansenett Norge er eit turnenettverk som har til hensikt å hjelpe arrangørar å programmere dans. De støtter arrangørar med økonomiske middel og koordinering.

Ny oppleving

Ein av partnerne i nettverket er RAS – Regional Arena for Samtidsdans som Madelaine har arbeidet for i 1,5 år. Slik lærte ho om nettverket og moglegheitene for å programmere dans.

– Sjølv om du kanskje aldri har sett dans før, er det framleis ei oppleving som kan gjere livet ditt rikare. Å sjå dans er som å opne ei dør til ei heilt ny verd av uttrykk og kjensler. Dans er ei unik kunstform som lar folk uttrykke seg på måtår som går ut over ord og dialog. Gjennom rørsle kan dansarar formidle kjensler, historier og idéar på eit vis som er helt unik og fascinerande å sjå på, fortel Madelaine:

– Uansett kva slags dans du ser på, er det alltid ei unik og gripande oppleving. Kom og opplev dans 20. mars klokka 16.15 i kulturstova!

Forestillingen er gratis, og du kan få tak i gratisbillettar på denne lenka.

Positiv effekt

Madelaine fortel at studiar har vist at eksponering for kunst og kultur kan ha positive effektar på barns kognitive utvikling. Gjennom å engasjere seg med kunstverk og kulturelle aktivitetar, kan barn utvikle evne til å tenke kritisk, løyse problem og utvikle fantasi og kreativitet.

Økohelter er et stykke som er balansert mellom fakta og fantasi, og det er ein livleg forestiling om skogen og dei som lever der. Anbefalt alder er 4 år og oppover, og det er godt tilrettelagt for barn med funksjonsnedsettelser.

– Eg vil samstundes takke Finnøy skule for at me får lov til å nytte lokala deira til arrangementet, avsluttar Madelaine.