Egleskaren ved stallen. Foto: Privat

TALGJE: Det starta med fanfare frå Keiser Augustus sitt palass der det kom beskjed om at alle skulle dra heim dit dei kom frå for å skriva seg i manntal.

Dette var jo då lenge før dataalderen, så difor måtte Josef og Maria fysisk reisa frå Nasaret til Betlehem, Davidsbyen. Det var då det ekta eselvrinsket kom høgt og tydeleg.

Sundags ettermiddag, 3.sundag i advent, akkurat i blåtimen når dagslyset går over i kveldsmørke var der ein stor engleskare samla i Fiolen for å hylla det nyfødde Jesusbarnet.

Maria med Jesus-barnet. Foto: Privat

Vismennene kom

Gjetarane var også på plass. Foto: Privat

Dei hadde då akkurat vore ute på Betlehemsmarkene og sunge for gjetarane som passa sauene sine ved bålpanna. Vismennene kom frå Austerland med gåver for å gje til den vesle kongen som var født i ein stall og ikkje i noko kongeleg slott.

Talgje misjonsforsamling stod som arrangør av julevandringa som har no vore ein tradisjon dei siste åra, noko ein ynskjer det fortsatt kan vera. Det var ei fin blanding av born, vaksne og eldre i dei ulike rollane i spelet.

Stemningsfullt ved stallen. Foto: Privat

Tilskodarar frå Finnøy, Talgje og Rennesøy

Diverre hadde feber og anna sjukdom slege ut fleire av utøvarane, men det stoppa ikkje dei som var friske. Arrangørane viste stor evne til improvisasjon. I tillegg var omlag 50 tilskuarara møtt fram frå både Finnøy, Talgje og Rennesøy for å sjå dette som hendte. Totalt var det 75 publikummarar og deltakarar til stades.

Særleg stemningsfullt vert det når landskapet er dekka av snø og kulda bit i fingrar og tær. Spelet vart ramma inn av julesongar, både allsong, solosong og englekorsong. Nokre kjente, andre meir ukjente. Blant englane var der mange dyktige unge solistar, og nokre måtte trø til for andre solistenglar som låg sjuke heime.

Forteljargjetaren Mari. Foto: Privat

Alle songane hadde same tema at jula handlar om Jesus som vart fødd til jord. Me song saman med vismennene: «Vi hyller Jesus, kongenes konge, for han vil vi bøye kne. Han er den største, han er den høyeste! Sendt av Gud i kjærlighet.»

Etterpå var det godt å koma inn i varmen og få pølser, kaffi og kakao. Takk til standhaftige arrangjørar som fekk gjennomført opplegget trass stort mannefall!

Talgje 12.12.22 Ellen Gudmestad Gard