Kviler ut etter Hårfestefestivalen: – Ein kanondag

Arrangør Kjell Bjarte Sel er sliten men glad etter helgas store hagefestival i Østhusvik.

Festivalgeneral Kjell Bjarte Sel i Hanasandveien.
Publisert: Publisert:

– Dette blei ein stor suksess, med fem band på scenen og kvalitet over heile fjøla, seier festivalarrangør Kjell Bjarte Sel til Øyposten.

Laurdag kveld stod han i bresjen for Hårfestefestivalen i Hanasandveien 630. Der var det levande musikk frå klokka 16 til 23.15.

Tomatfestivalen på Finnøy tok mykje merksemd i helga, men musikalsk sett var Hårfestefestivalen i Østhusvik fullt på høgde.

– Musikarane var heilt topp, med trippel spelemannvinner Ida Jenshus, Midnight Ramblers og alle som spelte. Det blei ein kanondag, seier Sel.

Han trur det må ha vore i alle fall 250 publikummarar inne:

– Arenaen er ein hage, så det var bra fullt. Nå treng me som har jobba med dette nokre dagar for å hente oss inn.

Økonomien i det heile har han ikkje full oversikt over.

– Eg ser det har kom inn pengar på Vipps og forskjellig. Uansett er det ikkje økonomien som er drivaren bak denne festivalen, seier Sel.

Publisert: