Benjamin Eggebø og Sanne Nordbø Lyse fekk vera med Frode Selvaag i matlaginga.|Ein treng ikkje eit studio innandørs for å laga godt TV, skal me tru Ryfylkepuls

FINNØY:

Det blei god stemning rundt bålet då prosjektet valgte å legga si neste episode til øya.,

Sendinga skal blant anna handla om ungdommeleg engasjement, tomatgleder og utfordringar, og verdsensasjon, opplyser Tor Eivind Skeiseid i Ryfylkealliansen.

Ein treng ikkje eit studio innandørs for å laga godt TV, skal me tru Ryfylkealliansen. Foto: FOTO: Ryfylkepuls

Ryfylkekokken Frode Selvaag bydde på god og kortreist mat rundt bålet. Og dei tok seg ein prat med Anne Woie, næringssjef i Stavanger, som er stolt over alt den nye storkommunen har å by på, både i by og på land.

– Det blei også ein tur ombord i Rygermedic, sjølve limet i Ryfylke. Og me ser på all den krafta som kjem frå Ryfylke, som me likevel har for lite av, fortel Skeiseid.

Dei tok også turen til Fogn for å møta Vivian Djønne Bøe som vil gå i mora, Helene Bøe, sine fotspor.

Episoden kjem ut klokka 12 fredag, og den kan du sjå her.