Fint pynta "ekte" juletre i kyrkja i Talgje.|Kirsti Esperås|Tone Østebø|Anne Gro Sandanger|Geir Olsen

FINNØY:

Ingen tvil om at plasttreet er komme for å bli. Stadig fleire av oss satsar på «naturlege» juletre i plast. I motsetning til fyrste generasjon plasttre, har trea utvikla seg til å likna svært mykje på ekte saker.,

Mange har sterke følelsar knyta til juletreet og meiner at plasttre sjølvsagt ikkje kan kallast juletre, og trekk gjerne klimakortet. Andre derimot meiner at plasttre er tingen, ingen dryssing, allergisikkert, det kan stå lenge, lysa er fastmontert, i det heile tatt, ganske stressfritt.

Me har snakka med folk  kva dei tykkjer. Er det ok med plasttre, eller?

Annbjørg Austbø

Annbjørg Austbø Foto: FOTO: Oddbjørg Måland

– Det må vera skikkeleg juletre, og helst eit kortreist frå Finnøy. Men eg er glad for at plasttrea finns slik at allergikarar også har eit alternativ.

Kirsti Esperås

Kirsti Esperås

– Ekte juletre, heilt klart. Det er noko spesielt med lukta. Dessutan går det ikkje an å bu i eit tømmerhus i skogen og ha plasttre. Me hatt ekte juletre i alle år, og det skal me fortsetta med. Aller helst skal vera treet hogd på Fogn. I eit miljøperspektiv er ekte juletre betre alternativ for klima. Så ja, ekte juletre for meg.

Tone Østebø

Tone Østebø

– Ekte juletre, det har me hatt i alle år, og det skal me fortsetta med. Det fylgjer så mage gode minner og historiar med juletreet, blant anna den knekte juletrefoten. Eg tykkjer eit ekte juletre luktar godt og det ser mykje finare ut enn plasttrea. Nei, det skal vera eit tre-tre.

Anne Gro Sandanger

Anne Gro Sandanger

– Plasttre for min del. Eg kjøpte treet for rundt sju år sidan og har aldri angra på det, treet er kjempefint og ser ekta ut. Det einaste som er dumt er ar dei ikkje luktar. Men det har eg løyst ved å setta ein stor golvvase fylt me friske greiner av gran som står bak treet. Vasen viser ikkje, den berre luktar godt. Ei svært god løysing.

Geir Olsen

Geir Olsen

– Plasttre er heilt uaktuelt. Eit juletre skal sjå fint ut, lukta godt og dryssa. Juletreet er tradisjon på same måte som god mat og drikke, sosialt samvær med familie og vener, pakkar og pynt og male tradisjonar. Det kan gå med lyslenker laga plast til utandørs bruk, men lenger inn går det ikkje.