– Me har ei historie å fortelje. Me driv folkeopplysning samtidig som me har det kjekt i lag når me spelar, seier Kristoffer Foldøy (74) i bandet Smooth operators.

Han er bror til Johanne Foldøy som igjen er mor til Stephan Dickinson, som eig Dickins pub på Judaberg. Fredag og laurdag kjem Smooth operators til puben med to ulike program.

– Fredag spelar med Bob Dylan-songar frå 1960-talet på engelsk, fortel Kristoffer:

– Laurdag spelar med diverse popmusikk med meiningsberande tekstar som me har omsett til norsk med lokal vri.

Mellom songane fortel dei gode historier.

Bandet har base i Kristoffers nabolag på Osterøy. Oppveksten hadde Kristoffer i Steinnesvågen på Finnøy, der han gjekk på Hesby skule og fekk merkelapp som Finnøys første hippie.

– Eg hadde litt lengre hår enn folk flest og fargerike kleder. Av og til bar eg på ein gitar. Eg song viser og las engelsk og amerikansk litteratur, seier Kristoffer Foldøy.

Fredag og laurdag kan du oppleve han og bandet på Dickins.