SJERNARØYANE:

Lena Andersen driv til dagleg eit eige galleri i Sandnes sentrum, kor ho stillar ut sin abstrakte kunst. Før pandemien skulle ho endeleg halde hennar første fysiske malekurs i Italia, men nedstengninga førte til at ho heller arrangerte dette heime i Noreg i staden for. I dag er sandnesgauken veldig glad for det.,

– Eg tok kontakt med Mette Hjorth Soland for å høyra om eg kunne arrangera malekurset hos dei på Ramsvig Handelsstad, og til mi store glede svarte ho ja, seier kunstnaren.

Fleire tusen deltakarar

Dei fire siste åra har ho også drive malekurs på nett, med fleire tusen deltakarar. Men no kom muligheiten for å nytta seg av det flotte området kor ho vanleg vis pleier å leiga hytte.

Deltakarane kom frå både Molde, Bergen, Arendal, Hedmark, Valderøya, Flekkefjord, Ringsaker, Asker og Stavanger.

– Det har vore utruleg kjekt å få visa fram kor flott det er her. Ingenting er som å vera ved sjøen i Ryfylke. Mette, saman med Jostein Soland og Torje Lindeberg, gjor opphaldet vårt heilt fantastisk. Me har verkeleg blitt tatt godt vare på. Me har også fått brukt dagane effektivt, og har mala frå morgon til kveld.

Lena Andersen lærte deltakarane abstrakt kunst. Foto: FOTO: Privat

Morgonbad og intimkonsert

Dei var heldige med vêret. Det blei både morgonbad, lunsj på brygga, og andre opplevingar.

– Me fekk med oss ein intimkonsert på sjøhuset, med Jan Hauge på piano og Geir Ullenes på saksofon. Det ga ei magisk stemning. Me har også fått guida snekketur med Jostein. Eg føler me verkeleg fikk vist damene Sjernarøyene på sitt beste.

Andersen er i gong med å planlegga nytt malekurs til våren, og har allereie måtte sette opp venteliste.

– Eg håper det går an å arrangere dette på Ramsvig til neste år også. Det har vore fantastisk å kunne dela denne opplevinga og kreativiteten saman med andre. At det blei på Ramsvig gjor det til en heilt spesiell oppleving for oss alle, seier ho.