Den koreanske serien «Squid Game» har gått som ein farsott over heile verda og har raskt blitt ein av dei mest populære seriane på strøymetenesta, trass mykje voldeleg innhald.

FINNØY:

Fleire skular i landet har opplevd at elevar leiker ein ny versjon av «raudt lys», inspirert av den populære Netflix-serien som heiter «Squid Game».,

Seinast i førre veke blei det observert elevar heilt ned til 3. og 5. trinn som lekte dette.

– Me såg det ved to tilfeller i skulegården. Det blei stoppa og det er ikkje observert meir av denne leiken foreløpig, fortel rektor ved Finnøy sentralskule, Bente Tjelta, til Øyposten.

Valdeleg serie

I serien er det slik at karakterane konkurrerer i klassiske barneleker, mange av dei godt kjende, også i Noreg. Dersom dei taper har det som oftest dødeleg utfall for deltakarane.

Fleire elevar rundt om i landet hermer etter desse, og later blant anna som at dei blir skutt og dør i «raudt lys». NRK skreiv om trenden tidlegare i oktober.

Rektor Bente Tjelta ved Finnøy sentralskule er bekymra over kva barna får med seg. Bildet er tatt ved ei tidlegare anledning. (Arkivfoto)

Elevane i 1. til 4. trinn på Finnøy har ikkje lov å bruka mobilen når dei er på skulen. Men serien er populær på diverse sosiale medier for tida. Blant anna TikTok, Youtube og Snapchat, samt Roblox og Minecraft.

Det får barna med seg, også på Finnøy.

– Eg blir litt bekymra for kor generelt lett det er å finna, for eksempel på Youtube. Sjølv om dei ikkje får lov å sjå det på TV får dei altså med seg kva det går i, seier ho.

Oppfordring til foreldre

Skulen gjekk i førre veke ut med ei oppfordring til foreldre om å følga med på kva ungane ser på.

– På skulen stoppar me denne varianten av leiken og vil følgje med på om det kjem fleire variantar frå serien. Me snakkar med elevar som fortel om serien og snakkar med klassane om kva som er passande å leike på skulen, skreiv rektoren.

I Korea har serien fått ei aldersgrense på 19 år, medan den i Noreg er sett til 16 år.

– Barnevakten.no pleier vanligvis ikkje å advare mot spesielle serier, men seier oftest at foreldra bør følgje med. Men her har dei faktisk gått ut og advart spesielt mot denne, fortel Tjelta.

No blir det kanskje serietitting som heimelekse for rektoren.

– No må eg nesten se serien, trur eg. Eg må vita kva eg skal se etter dersom me skal kunne oppdaga liknande i skulegården, seier Tjelta.