Konserten med Vassendgutane går i vasken, også i år, noko styret i Fleibrukshallen beklagar sterkt. Årsaka er pandemien.

FINNØY: Vassendgutane har vore på øya før. Dei hadde ein konsert på Finnøy for nesten fire år sidan, og det ga meirsmak.

– Når dei var her sist sa dei at dei gjerne kunne tenkt seg å komma tilbake, fortel styreleiar i hallen, Arild Flesjå.

Jordnære gutar

Flesjå fortel at dei hadde ei god opplevelse med bandet, og at alle i styret var einige om at dei ville invitera dei tilbake.

– Me hadde ein veldig god tone med dei. Det er jordnære gutar. Du kunne planta dei på Finnøy, ler Flesjå.

Han tok kontakt med Ørsta-bandet igjen for rundt eitt år sidan, men så blei det lagt på vent på grunn av pandemien.

– Me kunne ikkje arrangert dette viss det ikkje var for gjenopninga. Me hadde aldri tatt sjansen. Så me ser fram til dette, seier styreleiaren.

https://www.oyposten.no/2020/10/02/avlyser-konsert-med-vassendgutane/

Meir aktivitet

No håpar styret på fullt hus med eit publikum på 600 personar.

– Me ser verkeleg fram til å endeleg få markert nyopninga av hallen skikkeleg. Den har jo nesten vore stengt, delvis stengt, eller hatt restriksjonar i lang tid, fortel Flesjå.

– Eg likar godt Vassendgutane. Dei skapar litt show, både blant dei unge og den eldre garde.

No lovar styret meir aktivitet ut over hausten, men styreleiaren trur dette blir eit høgdepunkt.

– Eg vil forresten nemna at me har eit fantastisk næringsliv som ser kor viktig det er å støtta lag og organisasjonar i sitt området, legg styreleiaren til.

Konserten blir halde i fleirbrukshallen 11. desember.