«Stinn brakke» under påskebasaren på Fogn
102 000 kroner blei resultatet av opptelleinga etter påskebasaren på Fogn i går, påskeaftan. Det er akkurat same beløp som i fjor, og er det høgaste nokon gong.
- Oddbjørg Måland
FOGN: Idrettslaget har arrangert påskebasaren i over 20 år til stor glede for fastbuande, hyttefolk og tilreisande. Den er utan tvil idrettslaget si største inntektskjelde og ein kjærkomen tradisjon på øya. Til saman blei 85 gevinstar gitt av frivillige, lodda ut.
Idrettslaget serverte kaffi og lappar i store mengder.
Unge bidragsytarar
I tillegg til alle flotte gevinstane som er gitt av etablerte virkomsheter, er det og rett å trekkja fram dei unge entreprenørane som gir gevinstar av eigen produksjon og hobby. Dette er eit svært berekraftig og sterkt bidrag til kokalmiljøet.