Lyseffektar var også ei viktig del av framsyninga. Foto: Silje Talgø Klakegg

Det var dansegruppa Sticky som stilte med danseframsyninga Økohelter. Sticky er ei britisk/norsk-dansegruppe beståande av fire dansarar. Denne førestillinga er den første dei har utvikla som kvartett, står det å lese på nettsidene deira.

Kven dansarane var? Kanskje var dei ein skolopender, ei bille eller ei bakterie?

Rundt 40 barn og vaksne deltok i dagens andre førestilling som var open for alle.

Kulturstova var gjort om til ein skog med løvforma puter som publikum fekk sitje på. Slik kom ein veldig nær førestillinga. Rundt omkring stod trær og ei lydkulisse med skogtema skapte ei magisk ramme rundt førestillinga.

Ved hjelp av verkemiddel som rørsle, røyst og kulissar utfordra dansarane alle sansar hjå publikum, og skildra korleis naturen og økosystema arbeidar både saman og mot kvarandre for å utvikle naturen som me kjennar han. I blant slåst organismane i økosystemet, og ofte hjelp dei kvarandre. Til saman utgjer dette naturen og utviklinga.

Nokon gonger går det så sakte at det nesten ikkje er mogleg å merke at noko hender, medan det andre gonger går utruleg fort. I blant er det stille før lydnivået aukar brått. Dette syna dansarane ved å endre tempo på dansen og ved å endre på stemmebruken.

Publikum fekk også bidra i førestillinga. Foto: Silje Talgø Klakegg

Utover i førestillinga blei også publikum, særleg dei yngste, deltakarar, og der bidrog dei med det dei fekk til.

I rundt tre kvarter heldt dansekvartetten publikum trollbunde. Det var eit unikt, sanseleg alternativ til skjerm og alt anna me er raske med å ty til i ledige stundar, og nærast meditativt medan det stod på.

Meir av dette, Spiren Scene!