Første lokalrevy i øyane på fem år har fått namnet «Ska det ver någe mer, før me stenge?».

– Nedleggingar og ombyggingar i Vikevåg blir eit tema, røpar skodespelar og medskribent Jørgen Dyrseth i revygruppa på Rennesøy:

– Me venta til etter valet med å gjere ferdig dei siste nummera. Politikarar og andre som har stikke seg fram i lokalsamfunnet kan vente seg, ja, eg vil ikkje kalle det eit stikk, men ein liten oppmerksomheit.

To kveldar

Premieren er fredag 20. oktober i Kulturhuset Meieriet. Billettane sleppast på kulturmeieriet.no onsdag 20. september klokka 20.09.

– Eg trur det blir superbra, og me satsar på to fulle hus, seier Dyrseth.

Revyen spelast fredag 20. og laurdag 21. oktober. Erfaring frå tidlegare tilseier at det er dette som er marknaden for ein lokalrevy, men nå er det fem år sidan sist.

– Viss me greier å skape så stor entusiasme at førestillingane blir raskt utselde, må me sette oss ned og vurdere kva me gjer. Men det får me ta når den tid kjem, seier Dyrseth.

Kulturhuset Meieriet rommar vel 300 publikummarar.

Gassar på

Revylaget Amatøren har 12 til 14 personar som har vore samla to gonger i veka i heile haust.

– Me er nokre som har vore med lenge og nokre nye. Framover mot premieren kjem me til å øve så ofte me kan. Nå gassar me på, seier Dyrseth.

Settlista blei setla laurdag. Nå gjeld det å sy ting saman med kostyme, kulissar og musikk.

– Me kan love ein nyskrive revy med lokalt preg. Innimellom har me nokre meir generelle nummer, der me har henta inspirasjon frå blant anna revylaget på Randaberg, seier Dyreseth.

Ska det ver någe mer, før me stenge? Ja, takk!