Enorm gjevarglede frå finnøybuen: 285 000 kroner til julemessa

Årets julemesse i Fleirbrukshallen blei ein kjempesuksess. Messa ga heile 255.000 kroner i kassen til Normisjon sitt hjelpearbeid i Bangladesh.

Auksjonarius Hans Høie laga eit morosamt show under auksjonen på julemessa.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

Det er ingen tvil om at givargleda i Finnøy er stor. Det setjast stadig nye innsamlingsrekordar på ulike aksjonar i desse dagar, og årets messe ga 30.000 kroner meir i kassen enn fjorårets rekord.

– Det er mest ikkje til å tru, det er heilt enormt. Stemninga i hallen var mest magisk, det var kjempegodt å vera der og sjå alle dei glade folka, seier Unni Vignes, som stod i spissen for den 42. julemessa i regi av Normisjon.

Berit Helen Gard fekk tilslaget på juleselane til Aslak Bråtveit.

Ny julemesse under planlegging

Før julemessa sist helg sa Vignes til Øyposten at ho slett ikkje var sikker på om dei ville klara slå rekorden ifrå i fjor, som var på 255.000 kroner. Men det det klarte dei, med god margin.

Pengane går til Normisjonen sitt arbeid i Bangladesh.

– Då blir det garantert ny messe neste år?

– Garantert. Me har alt så smått starta planlegginga, me må sikra oss gode krefter, og då me tenkja langsiktig, slår Vignes fast.

Nytt av året var «amerikansk aksjon» som hausa opp både stemninga og buda.

Julemessa starta i starta i Bethel, men blei arrangert for fyrste gong i Fleirbrukshallen i fjor.