Alf Kjetil Walgermo kjem til Utstein kloster 24. september. Foto: Tone Leksbø

Walgermo kjem frå Møre og Romsdal, og er forfattar, journalist og litteraturkritikar, og han skreiv bok om korleis det rokkar ved gudstrua å miste eit barn.

Forlaget skriv om boka: «Etter å ha mista eit barn rett før fødselsterminen blei han og kona kasta inn i eit eksistensielt mørke. Går det likevel an å tru på ein god Gud? Walgermo undersøkjer nokre av grunnsteinane i den kristne trua. I ein modig og personleg tekst tek han oss med inn i den djupe sorga over å ha mista eit barn, og korleis dette har påverka hans eige livssyn».

Anne Lise Ådnøy blei vigsla til biskop i Stavanger i 2019.

Anne Lise Ådnøy skal intervjue Walgermo om sorg. Foto: Stavanger Bispedømme

I samtalen vil Walgermo og Ådnøy reflektere over kontrasten mellom mørket og det kristne håpet om nytt liv og nytt lys.

Bokpraten er ein del av pilegrimsturen "Tro, håp og vandring", som arrangerast i samarbeid mellom Stavanger bispedømme, MUST og Kapittel. Du kan velge å vere med på heile turen, eller berre på bokpraten.