Laurdagsmarknad hos Pia på Fogn: Kom og sel det du vil

Biletkunstnaren Pia Myrvold vil arrangera laurdagsmarknad i galleriet sitt på Fogn, og inviterer folk til å koma og selja nytt, brukt og heimelaga.

Pia Myrvold har alt noko å by på til laurdagsmarknaden: sopp, soppsaus og egg frå frittgåande høner, men ynskjer seg meir.
Publisert: Publisert:

FOGN: -Foreløpig har eg planar om laurdagsmarknad i august, så får me sjå vidare utover hausten, seier Pia Myrvold til Øyposten.

Ho inviterer alle som har noko dei vil selja til å stilla det ut hos henne.

-Eg kan vera vertskap, gratis. Det er kjekt å få ting til å skje, seier ho.

I galleriet har ho alt både egg frå frittgåande høner, sopp og soppsaus som folk kan kjøpa. Men ho ynskjer seg gjerne meir.

Pia Myrvold har hatt ein travel sommar, og dermed ikkje fått laga så mange nye bilete. Men i galleriet er det like vel mange bilete å velja mellom.

Godt motteken på øya

-Viss folk strikkar eller lagar noko, eller har andre produkt dei vil selja, brukte klær for eksempel. Still dei ut hos meg og lag ein skikkeleg marknad. Det ville vore flott, seier ho.

Pia Myrvold har budd halvannan månad på Fogn, og er imponert over mottakinga ho har fått.

-Folk her er utruleg hyggelege og moderne. Det er nesten som ein engelsk TV-serie, seier ho.

I det tidlegare butikklokalet i Sæbøvåg har ho innreia galleri, og omsetninga har gått «heilt fint».

-Det har kome folk og kjøpt bileta mine både frå Fogn, frå byen og frå naboøyar rundt. Det er veldig kjekt, seier Myrvold, som har planar for eigedommen.

Åpningshelga var det ikkje mindre enn 100 personar innom galleriet på Fogn.

Planar om performance-forstilling

Ho skulle gjerne hatt servering, og kan tenkja seg å låna ut lokalitetane til nokon som vil driva ein liten kafe når det skjer noko.

I september har ho så smått begynt å sysla med planar om ei «performance» forestilling.

3. september, når dagsturhytta på Fogn åpnar og idrettslaget fyller 50 år, ville vore ein fin anledning, meiner ho. Men dette er ikkje heilt spikra ennå. Interesserte kan få ein smakebit på Instagram på @piamyrvold.

-Det ville også vore kjekt å laga til eit arrangement for eksempel i oktober og i forbindelse med jula, seier ho.

Oppussings-prosjekt

Då ho åpna galleriet sitt på Fogn, var det ikkje mindre enn 100 personar innom. Såpass travelt har ho hatt det at ho ikkje har fått jobba så mykje som biletkunstnar i sommar. Men nå overtek ho nytt galleri på Forus, og planlegg ein ny serie i den forbindelse.

Dessutan ser ho for seg oppussing av det tidlegare butikklokalet på Fogn, og eit meir permanent uteområde ved inngangen til galleriet.

Ho har med andre ord nok å hengja fingrane i for tida.

-Men det spennande å sjå kva eg kan få til her, seier ho.