Sjøhuset på "Holmen" etter helga.|Også Liv Olsnes Bergsagel tok bilder av det fallerte naustet.||Slik såg bildet ut før stormen som var denne helga.

AUSTRE ÅMØY:

Då Else Brit Haugsnes frå Austre Åmøy gjekk tur mandag 31. januar, var det nesten berre ein haug med plankar igjen av naustet på Espholmen.,

– Det har stått der så lenge eg kan huske. Det er trist at det blei øydelagd, seier Haugsnes til Øyposten, om det som har vore som eit landemerke for turområdet.

Også Liv Olsnes Bergsagel tok bilder av det fallerte naustet. Foto: FOTO: Liv Olsnes Bergsagel

Over 100 år

Naustet har riktig nok vore i dårleg stand i lang tid, forklarer Haugsnes, men no er det altså heilt øydelagd. Ho la ut bilder av det fallerte bygget, som skal vera over 100 år gammalt, på Facebook-gruppa «Engasjert i Austre Åmøy» kort tid etter gåturen.

– Me pleier å gå tur til «Holmen», som det kalles lokalt. Me var der i førre veke også, då var det ikkje så gale. Men då me var der i går var det rast heilt.

https://www.oyposten.no/2022/01/30/stormen-velta-seks-gravstotter-i-hesby/

Naustet ligg på ein holme i Mastrafjorden, og ein kan vanleg vis berre koma til sjølve bygget til fots, dersom det er fjære.

– Det er eit fint turområde i og rundt der, med ein veldig fin badeplass. Det er eitt stykke å gå dit, og ikkje noko god adkomstveg, men det er veldig kjend for dei lokale her. Det skulle vore litt lettare tilgjengeleg, seier Haugsnes.

Naustet blei bygga på 1900-tallet og sto på kaien i Stavanger sentrum, seier Halvard Emil Rosnes til Bygdebladet. Det blei deretter rive rundt 1917-1092 for så å bli kjøpt, og bygga opp igjen, på Espholmen, forklarer Rosnes.

Slik såg naustet på «Holmen» ut før stormen som var denne helga. Foto: FOTO: Else Brit Haugsnes