FINNØY: Musikalen «Dirty Folkedansing» er ei fornøyeleg forestilling med imponerande musikalske kvalitetar. Dei 25 glade amatørane leverte ei forestilling som tydelegvis slo godt an hos publikum onsdag kveld. Torsdag fekk elevane ved sentralskulen få oppleva forestillinga.

Forestillinga var både lun og morosam, og det var tydeleg at 10.klassinga treivst på scena. Handlinga var bygd kring virksomheten på «Judaberg Hotell», og hadde mellom anna mange kjente sangar frå Stavanger-artistar på repertoaret. Og då gjengen på scena drog til med songen Y.M.C.A. på scena var det skikkeleg «trøkk». Men det var like vel Ole Ivars «Kongen av campingplassen» som publikum forlangte som ekstranummer, før punktum blei sett.

Vokalist Vebjørn Ledaal imponerte med si stemmeprakt. Foto: Rune Nedrebø
Nærast fullsett sal under forestillinga. Foto: Rune Nedrebø

-Det var veldig bra, dei er så flinke til å syngja, seier Audun og Gro Flesjå som er saman med Annette Flesjå på forestillinga. Annette Flesjå har ei dotter på scena.

Audun Flesjå held ein knapp på Ole Ivars «Kongen av campingplassen».

-Den var kjempebra, synes han.

Også Lisbeth og Eirik Madsgaard kosa seg. Dei har to barnebarn i 10. , eit tvillingpar, som er med.

-Det var veldig kjekt å sjå, me har verkeleg kosa oss. Dei gjorde ein flott innsats heile gjengen, meiner dei.

-Det er veldig godt miljø og samhold i klassen, legg Lisbeth Madsgaard til.

-Veldig fin forestilling, synes Lisbeth og Eirik Madsgaard, saman med sonen Lars Madsgaard og barnebarna Sofie og Eivind Østebøvik. Foto: Rune Nedrebø
Familien Annette (t.v.), Audun og Gro Flesjå kosa seg under forestillinga. Foto: Rune Nedrebø

Høgepunktet var kanskje likevel den nyskrivne «Finnøysangen», som fort kan bli ein klassikar. Den er ein omskriven versjon av Åge Aleksandersens nydelege «Trondheimsnatt», tilpassa Finnøy, som lærar på sentralskulen, Mari-Anne Runestad, har laga:

Finnøynatt

Eg ser stjerner så skin over Finnøy i natt

Som eit smykke mot brunkvit strand

Eg ser lys frå ei ferge mot eit skinande hav, stille legg ho frå land.

Verden den kviskre god natt og sov godt

Og den gamle kyrkja held vakt.

Over hjarter som bankar for satore og små

gjennom ei finnøynatt.

Eg ser Judaberg bade i gull i natt

Det stråle som ein vakker juvel

Eg ser disen over fjorden lager eventyrland

som spunnen av finaste lin

Verden den kviskre...

Kjærlighet lever bak nattsvarte ruter

det same gjer lengsel og savn

Drøymer lokke fram smil, sakn og tårer

Glede for alt det som var.

Eg ser stjerner så skin over Finnøy i natt

Som eit smykke mot brunkvite strand

Eg ser lys frå ei ferge mot eit skinande hav, stille legg ho frå land.

Verden den kviskre....

Dyktige musikarar i orkesteret. Foto: Rune Nedrebø