Ajkic, Styve og Totland blir trekkplaster på Tomatfestivalen

NRK-profilen Leo Ajkic blir ein av hovudattraksjonen på årets Tomatfestival 18. - 21. august. Også musikarane Gisle Børge Styve og Heine Totland kjem til festivalen.

Gisle Børge Styve og Heine Totland skal ha ansvaret for Coop Quizen i Fleirbrukshallen fredag kveld.
Publisert:

FINNØY: Torsdag kunne ei stolt festivalleiing presentera programmet for årets Tomatfestival.

Leo Ajkic blir hovudtrekkplasteret under åpningsshowet torsdag. Ajkic og familien flykta frå Mostar i Bosnia-Herzegovina under borgarkrigen i Jugoslavia. Han har har gjort seg bemerka som journalist i NRK, og blei belønna med «Fritt ords honnørpris» etter serien «Flukt».

Leo Ajkic kjem til åpningsshowet torsdag

Åpningsshowet blir i Fleirbrukshallen torsdag kveld, og der skal han snakka om «mangfold».

I tillegg har Tomatfestivalen kapra musikarane Heine Totland og Gisle Børge Styve. Gisle Børge Styve er kjent frå NRK-programmet «Bit for bit», mens Totland var deltakar i «Farmen kjendis» på TV2. Dei to stiller på Coop Quiz’en fredag kveld, kor Håvard Østhus blir quizmaster.

Gisle Børge Styve med band skal ha familiekonsert utfor Ottohuset laurdag.

Gisle Børge Styve blir også med på laurdagen, kor han stiller med eige band og spelar opp til familiekonsert ute ved Ottohuset . Her vil det også bli arrangert «tomattrille-konkurranse», kor folk kan kjøpa kvar sin nummererte tomatball. Den tomatballen som trillar først i mål vil få ein flott premie frå Bremnes Seashore, men det blir også trekning av andre premiar. Inntektene vil mellom anna gå til den nye leikeplassen som Rampline lagar på Leikvoll.

Direktesendinga frå fjorårets festival hadde heile 60.000 sjåarar, og det har gitt TV Vest blod på tann. Også i år blir det direktesendt tv kvar kveld under heile Tomatfestivalen.

Laurdag vil det yra av liv i Judaberg sentrum, og då vil også arrangementet «Ta sjansen» gå av stabelen. Her kan alle som vil stilla med eigen båt, bare han ikkje veg meir enn 40 kilo og ikkje måler meir enn 110 x 150 centimeter. Påmelding var 1. juni, men fristen er forlenga til 17. juni.

Som i fjor blir det barnekokkeskule og tomattelt. Lyse arrangerer «energiløypa», kor mellom anna Vitenfabrikken i Sandnes blir med. Om laurdagskvelden spelar bandet «Melodi Pommes Frites» opp til dans i Fleirbrukshallen.

Tomatfestivalen vil også i år strekkja seg over fire dagar, frå torsdag til søndag. Etter planen vil festivalen bli høgtidleg åpna av fungerande ordførar Dagny Sunnanå Hausken. Om dagen torsdag blir det fagdag med fokus på bærekraft på Utsyn misjonssenter. Her vil Ola Hedstein, Sreerekha Ramanand og Guro Helgesdotter Rognå delta.

Rødne, som i fjor arrangerte svært populære «Afternoon Tea-cruise» vil i år arrangera søndagstur til «1700 tals-bygda» Jelsa, kor det blir guida omvising i bygda og i kyrkja. Det blir også servert kaffi og kake.

Dessutan blir det på fredag sidercruise til Hjelmeland. Bygda har slått seg på siderlaging, og to lokale produsentar; Bodil Kvame frå Om Cider og Dan Olav Sæbø frå Apal Sideri blir med på turen og byd på smaksprøvar.

Tradisjonen tru blir festivalen avslutta søndag med «Grieg-løpet», kor Finnøy Idrettslag er arrangør. Søndag kveld blir det også kyrkjekonsert i Hesby kyrkje med Gilberdal.