Jobbar med å slå saman skulekorps – sjå filmen som skal auke rekrutteringa
Dei to skulekorpsa i Rennesøy kommunedel tar grep for å sikre framtida.
Skulekorpsa var blant dei kulturinstitusjonane som sleit mest under pandemien, med avlyste 17. mai-feiringar og avlyste øvingar.
Mosterøy skolekorps og Rennesøy skulekorps har starta eit samarbeid og har i vår gått saman om å lage ein reklamefilm for å få fleire musikantar. Filmen er laga i samarbeid med reklamebyrået Ryklame og med støtte frå Stavanger kommune.
Sjå reklamefilmen for korpsa her:
Styreleiar Ingvild Skare i Mosterøy skolekorps fortel at dei to korpsa har til saman kring 20 til 25 musikarar.
– I løpet av hausten vil me jobbe med muligheiten for å slå oss saman, seier Skare:
– Allereie nå blandar me oss ein del og samarbeider.
Mosterøy har per i dag det sterkaste korpsmiljøet på Ryfylkeøyane.
Finnøy skulekorps fekk nyleg midlar til dirigent og instruktør, og ei stilling vil bli utlyst ein av dei nærmaste dagane, opplyser Stavanger kulturskole.