Diakonmedarbeidar Ingvild Angelskår Moen i kyrkja i Finnøy er ein av initiativtakarane. Foto: Sigbjørn Høidalen

Finnøy bibliotek har i lang tid hatt språkkafé kvar torsdag frå klokka 18 til 20. Frå og med torsdag 28. september startar eit likande tilbod på Fogn.

– Det er mange fleirspråklege som bur og jobbar på Fogn. Målet er å skape ei uformell språkgruppe der alle som ikkje har norsk som morsmål kan møte norske for å snakke norsk, bli kjent med andre på øya og kanskje lære meir om kvarandre, seier diakonmedarbeidar Ingvild Angelskår Moen i kyrkja i Finnøy.

Ho står bak initiativet på Fogn saman med frivilligheitskoordinator Ragnhild Valand og leiar i helselaget Oddbjørg Måland. Mange frivillige på Fogn vil bidra for å drive kafeen.

– Det blir enkel servering. Dei som kjem kan spele brettspel, lese lettlesne aviser og bøker eller snakke om dei tema ein vil. Innhaldet må bli til undervegs når me ser kven som deltek og kva interesser dei har. Me har mange ressursar i lokalsamfunnet vårt, men det er ikkje alltid vi veit om kvarandre, seier Moen.

Første samling blir torsdag 28. september klokka 18.30 i kyrkjekjellaren i Fogn kyrkje. Så er planen å ha ope annankvar torsdag framover frå klokka 18 til 20.

Kart som viser Fogn kyrkje: