RENNESØY: -Eg har fått med meg at kommunedelsutvalet vil ha begge deler, det skjønar eg. Men kanskje me blir nødt til å ta eit val, seier Mossige til Øyposten.

Han synes skissene som Link Arkitektur har laga ser veldig bra ut, og har stor sans for forslaget om å rusta opp meieriet.

-Det vil i praksis bli eit nytt bygg. Men me må sjå på behovet, og kva muligheter det er for å samla kommunale virksomheter på ein plass. Men det er ikkje tvil om at det skal bli flott i Vikevåg, det vil me satsa på, slår Mossige fast.

Då saka var oppe i miljø- og utbygging i Stavanger blei den utsett, for å få meir informasjon, mellom anna om kostnadene med dei ulike alternativa.

Gruppeleiar i Ap, Dag Mossige. Foto: Arkiv