Glitter og glam når gamlakorpset spelar opp i Østhusvik
Rennesøy musikkorps skal ha konsert med Grand Pirix-songar i Østhusvik grendahus søndag, og på repertoaret står mange vinnarsongar.
RENNESØY: Korpset var i full gang med øvinga til konserten, då Øyposten stakk innom Rennesøy skule sist veke.
-Me skal sjølvsagt ha avstemming også, kva låt som slår best an, seier Unni Skjørvestad til Øyposten.
Konserten begynner klokka 18.00, og med seg har musikkorpset Rune & Larsen band.
-Den flottaste melodien er nok Nocturne, meiner Skjørvestad, som også gjer merksam på at dirrigenten i koret, Nigel T. Fielding, har delteke på den forektige Eurovision-finalen i Birmingham i 1998. Den gong var det Israel som vant.
-Eg spelte saman med korpset der, det var veldig gøy, seier han. Opptreden der blei sett av fleire millionar tv-sjåarar, men det kan også bli mange som vil oppleva konserten i grendahuset i Østhusvik søndag.
På programmet står mellom anna «Voi,Voi», «Puppet on a String», «Congratulations», «Waterloo» og til og med «Optimist» med Jan Teigen, som ikkje gjekk av med sigeren. Pluss mange andre vinnarsongar.