Gunnar kjem til «blodig aften» på Fjordbris

Krimfestivalen i Østhusvik har booka lokal forfattar.

Krimforfattar Gunnar Henriksen frå Randaberg.
Publisert:

– Krimforfattar Gunnar Henriksen blir vår lokale forfattar for kvelden, seier festivalarrangør Simen Ingemundsen i ei pressemelding.

Fredag 15. mars neste år arrangerer han krimfestivalen «Blodig alvor» på Fjordbris hotell i Østhusvik. Der er planen at ein nasjonal og ein lokal krimforfattar skal møtast til «blodig aften».

Henriksen er aktuell med boka «Tyskertøsenes hevn». Ifølgje Ingemundsen skriv Randaberg-forfattaren banebrytande «who-done-it»-krim.

Den 5. januar blir det kjent kven som er nominert til «Messingkniven», ein pris til nokon i forlagsbransjen som jobbar med å fronte krimlitteratur. Den 15. januar kjem namna på dei som er nominert til «Sølvkniven», ein pris til fjorårets beste krimroman. Båe prisane blir delt ut under «Blodig alvor» i Østhusvik.

Publisert: