Ny og endå større bruktmarknad i Fleirbrukshallen

Søndag kjem haugevis av «skattar» til å skifta eigarar i Fleirbrukshallen. Då er det duka for ny bruktmarknad på Finnøy.

June Mjølsnes Steinnes er svært optimistisk med tanke på søndagens bruktmarknad i Fleirbrukshallen. her i frå arrangementet i 2019.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Det er June Mjølsnes frå Finnøy som er primus motor for arrangementet, for andre gong.,

Her kan klede, sportsutstyr, leiker, bøker, tekstilar, interiør, ja til og med møblar få ein ny heim. Det er ingenting det ikkje går an å selja.

Større enn sist gong

- Her blir det garantert noko for alle, uansett alder. Eg meiner det er behov for større fokus på forbruk og gjenbruk blant vanlege folk, og då er ein slik bruktmarknad ein god plass å byrja. Dessutan er det ein fin møteplass for folk i Finnøy, fortel June.

Arrangementet i 2019 blei ein suksess med stort oppmøte både av folk som selde og kundar som ville kjøpa. Dei fekk inn kr 10.600 som gjekk til kreftforeininga.

- I år trur eg det kan bli endå større og betre. Mange kule og kjekke folk har allereie bestilt bord (for dei som har ting å selja, red. anm). Dessutan er me heldige og har fått lovnad på mykje god gjærbakst og kaker, fortel June Mjølsnes.

Dei som har ting å selja må bestille salsbord i førekant ved å ta kontakt med June. Kvart bord kostar 50 kroner. Dersom du har ting å selja men ikkje kan møta opp i Fleirbrukshallen, er det ingen problem å ta i mot, men då går inntektene av salet tilbake til prosjekt.

- Salen i Fleirbrukshallen byrjar fyllast opp, så for dei som tenker å selja ting må snu seg rundt jo før jo betre. Uansett skal me alltid syta for at alle som vil får seg ein salsplass. Dette er jo eit luksusproblem, smiler June.

Inntekt til barneheim

Prisane på dei enktelte tinga bestemmer du sjølv. Det er ingen rammer gitt frå arrangøren.

- Nei, det er ikkje det. Men eg oppmodar likevel å leggja seg i den låge enden. Det er mykje lettare å selja når ting ikkje er så dyre. Det nyttar liksom ikkje å prøva kvitta seg med eit par sko til 700 kroner, sjølv om nyprisen er 2000 kroner. Det går ikkje på ein slik plass som dette.

I tillegg til bruktmarknaden blir det som allereie nemnt sal av mat og lodd. I år går inntektene til Ylva Iren Jacobsen sitt Madagaskar-prosjekt. Finnøy-jenta har med eigen innsats og økonomisk hjelp frå andre bygd opp ein barneheim for svært vanskelegstilte born i Antsirabe i Madagaskar.

Kvar utstillar må forlata området ryddig og slik det framsto ved ankomst.

Arrangement opnar dørene klokka 1200 og varer til 1700.

Ønskjer du å sikra deg eit salsbord kan du ringa June på telefon 97681988 eller finnoy.negler@gmail.com. Du kan og lesa meir om arbeidet til Ylva Iren Jacobsen på facebooksida «Med hjertet for Madagaskar».

Publisert: