Sjå bileta frå teateret i Teigen
Kring 70 tilskodarar fekk med seg stykket om dyra i Hakkebakkeskogen i Teigen laurdag ettermiddag.
Nabolagsteatret kom laurdag frå Stavanger til Finnøy for å spele Thorbjørn Egner-klassikaren «Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen» som eit vandreteater i turområdet Teigen. Dei samla mykje folk og laga god stemning.
Dagen før hadde dei spela stykket på heimebane på Storhaug, og då kom det ikkje så mange, fortalde regissør og tidlegare finnøybu Henrik Melsom Edvardsen til Øyposten.
Skodespelarane bevega seg inn blant publikum og fekk til dei grader ungane med på notane med allsong og små replikkvekslingar.
I alt fem spelestader var rigga til langs ei løype i skogen, der me fekk sjå dei klassiske Egner-opptrinna. Det heile blei avslutta i Finnøys tusenårsstad, i amfiet som blei laga til 2000-årsskiftet, med eit drama kring Brumlemann og til slutt Bamses femtiårsfest.
Kart som viser turområdet Teigen på Finnøy: