– Birger Hetland har lova å slå ei ekre slik at me har plass til dei som vil telte, seier Daniel Nedrebø Gjertsen, havnesjef og festivalsjef i Helgøysund Marina.

Fredag 23. og laurdag 24. juni arrangerer dei for første gong Helgøysundfestivalen.

– Responsen så langt har vore god. Eit par frå Bergen har sagt at dei kjem med bubil. Eg håpar denne festivalen har kome for å bli, seier Daniel.

Ekte sjømannsrock

Festivalen startar fredag 23. juni med Gunnar Andersen og Tre Busserulls. Då blir det ifølgje plakaten eit komikarshow om sjøfolk, oljearbeidarar, kystkultur, skjenkepolitikk, dobbelmoral og mykje meir.

Laurdag 24. juni står Pakkers Trio på scenen i marinaen. Musikken dei spelar blir skildra som ekte sjømannsrock.

– Eg trur dette kjem til å bli kanonkjekt for alle fastbuande, hyttefolk og båtfolk. Me kan sjå fram til to fantastiske kveldar med mykje musikalsk moro, seier arrangør Daniel.

Gunnar Andersen har tidlegare spela på privat arrangement på Sjernarøyane, men ikkje på ei open tilstelling som nå.

Ligg føre skjema

For Helgøysund Marina er festivalen eit stort løft.

– Me treng kring 150 publikumarar kvar kveld for å gå rundt. Kapasiteten er 200. Eg trur me skal greie det, fortel Daniel:

– Billettsalet så langt verkar lovande. Me ligg føre alle kalkylar.

For dei som ikkje har båt eller bubil er telt eit alternativ, på ekra til Birger Hetland ein kort rusletur frå festivalarenaen på Nord-Talgje.