Sjuande-klassingar med løyen og lun rockeskule

Det blei ein festleg kveld for foreldre, søsken, besteforeldre, tanter og onklar då sjuandeklasse baud på ei sprelsk forestilling på Finnøy skule torsdag.

Sjuandeklassingane leverte ein fin musikal. Her er «rektor» Christer Tysdal i aksjon.
Publisert:

FINNØY: Med stødig hand losa regissør Mari-Anne Runestad forestillinga trygt i havn.

Sjuandeklassingane frå Finnøy kommunedel hadde øvd fire dagar før dei gjekk på scena. Forestillinga er ein del av KOM-prosjektet, kor sjuandeklassingane skal bli kjent med kvarandre før dei begynner i ungdomsskulen på Finnøy.

-Kjekt å bli kjent med dei me skal gå saman med på ungdomsskulen, tykkjer Håvar Moen, Tormod Birkeland Kvitberg, Simen Norgren Rørheim og Kristoffer Settem.

Elevane som Øyposten snakka med syntes det hadde vore ei flott veke.

-Me har blitt kjent med elvar frå Sjernarøy, Ombo og Fogn, sa ein gjeng finnøyelevar.

Forestillinga varte kring halvannan time, og fredagen etter var det elevane på Finnøy skule sin tur til å oppleva skodespelarkunstene til 12-åringane.

Med seg hadde dei også bandet frå Finnøy Musikkskule, som sørga for både lette melodiar og tyngre rockelåtar.

Forestillinga handla om den fiktive personen Britney Flesjå, som blei hyra inn som lærar på Finnøy skule. Men, i staden for vanleg undervising satsa ho heller på ein rockeskule.

«Britney Flesjå» gjorde ein god figur på scena.

Det var fleire imponerande gode vokalprestasjonar, og elevane hadde tydelegvis jobba godt med framføringa. For dei verka både scenevante og trygge i rollane sine.

Forestillinga var småmorsom, og lærar Britney hadde mellom anna studert saman med Henrik Halleland (krf) og lært at «me gjer ting på vår eigen måte».

Etter forestillinga fekk elvane solid applaus og kvar si rose med seg på vegen vidare.

-Det var ei veldig kjekk forestilling. Elvane var både frimodige, freidige og flinkje, seier Ola Johan Settem. Han og kona Rose Iren Settem hadde sonen Kristoffer på scena.

Bandet frå Finnøy Musikkskule: Tommy Collin Bjørungen (t.v.), Sonja Hebestveit og Zora Lila Raphaella.

Også Agata Klawikoska var imponert over forestillinga.

–Det er moro å sjå at dei vågar å slå seg laus. Dei var veldig flinke, og det var kjekt å sjå, seier ho, og får full støtte av svogeren Ivar Kim Røkke.

–Det var kjempegøy, mange gode, gamle rockeklassikarar. Dei blomstra verkeleg på scena, tykkjer Røkke.

Tor Magne Moen syntes også det var ei fin forestilling.

-Dei fekk til mykje flott, og det er veldig bra at alle er med, meiner han.

Etter forerstillinga fekk alle elevane blomster.
-Bra forestilling, syntes Rose Iren og Ola Johan Settem, som hadde sonen Kristoffer på scena.
-Mange gode rockeklassikarar, synes Ivar Kim Røkke, som såg forestillinga saman med svigerinna Agata Klawikoska.
-Veldig bra at alle får vera med, synes Tor Magne Moen.