Jan Terje Vignes sitt nye klimanøytrale anlegg blir det fyrste i verda i sitt slag. Foto: Lauvsnes gartneri

FINNØY:

Jan Terje Vignes var innstilt som ein av tre finalistar til Gartnerhallen sin innovasjonspris.,

– Stolt

Det skjedde på Gartnerhallen-kongress i går kveld, for niande gong.

I eit intervju med Øyposten tidlegare denne veka, sa Vignes at uansett korleis det ville gå, er han stolt av å ha blitt finalist, og ein av dei tre beste blant mange sterke kandidatar.

https://www.oyposten.no/2021/11/18/jan-terje-vignes-er-nominert-til-gjev-pris/

Klimavenleg drift

Grunnen til hans kandidatur er den sterke satsinga på klimavenleg drift. Han har installert eit nytt, norskutvikla produksjonssystem som fangar CO2 frå utelufta, og gir klimanøytral tomatproduksjon.

Simen Myhrene, frå Viken stakk av med den gjeve p

risen for sitt engasjement med å vidareutvikla jordbærproduksjonen, som tabletopproduksjon i tunnel, plantesauna, robotisert innhausting, digitalisert datainnsamling og -handtering. Deltaking i forskingsprosjekt, kunnskapssøking, -utvikling og -deling.,

Flott innsats av Jan Terje Vignes, Øyposten gratulerer.