Då norsk rødt fe kom til Finnøy: Gudrun ville ikkje mjølke desse høgføtte nye kyrne

Frå Anders Rørheim har me fått ei fin historie om slitesterk kjærleik, varmt vennskap og om eit lite skifte i Finnøys jordbruk.

Asbjørg Spanne (gift Landa) (t.v.) og venninna Gudrun Stråbø (gift Rørheim) mjølkar kyr på sør Hesby ein julidag i 1949. Asbjørg mjølkar ei NRF-ku, ei av dei første i sitt slag på Finnøy, medan Gudrun mjølkar ei vestlandsk raudkolle. I bakgrunnen ser me drivhusa på Vestbø.
Publisert: Publisert:

– Dei første NRF-kyrne på Finnøy kom i 1947. Dei blei kjøpt på Hamar, seier Anders Rørheim (92).

Han bur på Bryne, men var i unge år dreng på Finnøy. Kona Gudrun (94) var gardsjente på Finnøy. Då dei i 1953 fekk teneste på same garden, på Vestbø ved Hesby kyrkje, blei dei eit par.

Gudrun kom til Finnøy i 1949 og blei særs god venninne med Asbjørg Spanne, seinare gift Landa, på nabogarden. På eit bilde frå juli 1949, eit bilde som har fått plass hjå Ryfylkemuseet, ser me Asbjørg mjølke ei NRF-ku medan Gudrun mjølkar ei tradisjonell vestlandsk radukolle.

– Gudrun kom frå Suldal og var vand med geiter og Suldal-kyr. Ho ville ikkje mjølke desse høgføtte nye kyrne, sa ho ein gong, fortel mannen Anders.

Gudrun bur i dag på aldersheimen på Bryne, der Anders er jamt på besøk. Båe to har mange gode minner frå Finnøy. Her er kva Anders skreiv ned då han nyleg vitja kona på heimen:

Det er mandag 26. juni 2023. Eg sit hos Gudrun på aldersheimen. Ho er 94 år. Trøtt, men gløttar opp når ho ser meg og seier:

«Å , e’ det du. Gildt å å sjå deg. Eg e’ så kjasen. Det e’ så varmt. Ka dag e’ det idag? Ka dato? E’ det juli? Du må ikkje gløyma at Asbjørg fyller året den 17. juli. Ta fram det bildet kor me sit og molka.»

«Bildet vart teke søndagen 17. juli 1949. Asbjørg fylde 14 år den dagen. Det var han Oddmund Hukseth som tok det. Det var slik at eg var jenta hjå Gerda og Olav Vestbø. Dei hadde gartneri, og dei venta baden. Ja, Grete kom då. Eg slutta hjå dei på laurdag den 13. juli, for eg var komen inn på Sømme den 27. juli og ville heim til Suldal ei veke før det. Men så sko Tora og Rasmus, foreldrene til Asbjørg, på tur til Trondheim. Og dei spurde om eg kunne vera med Asbjørg den heljå, og det var gildt. Me molka ute og song: Nidelven. Det var tider det. Og tenk me to e’ på Ryfylkemuseet, 14 og 20 år gamle.»

«Oi . Eg e’ så trøtte. Det va’ goe jordbær du hadde med. Va’ det frå Fister dei var?»

Så sovna ho. Gløtta på auene:

«Du kjem i mårå?»

Asbjørg Spanne Landa med katten i huset på sør Hesby der ho om få dagar har budd i nøyaktig 88 år. Ho får helsing frå si gode venninne Gudrun frå aldersheimen på Bryne.

Kart som viser sør Hesby:

Publisert: