Endeleg kom snøen
Til stor glede for borna i Hagatoppen og Utsyn barnehage.
- Oddbjørg Måland
Endeleg kunne borna boltra seg i snøen. Born med raude kinn og ivrige små hender som kastar seg ned i snøen og lagar englar. I Hagatoppen er alle kledd i nye, like dressar med namnet bak på ryggen. Snø er sjeldan kost for mange av dei. Ikkje alle har opplevd å leika i snøen.
Det er lett å sjå at snøen bidreg til glede og leik.
I akebakken inne på området er det full gang i leiken fredag ettermiddag. Torjus og Olai lagar kjempestore snøballar, medan jentene buksar seg ned akebakken med og utan rumpebrett. Til slutt endar dei i ein haug nedst i bakken.
– Det er kjempekjekt å leika i snøen, fortel Alea.
Snøballen til gutane veks seg større og tyngre etter kvart som dei rullar den rundt på leikeplassen. Til slutt må begge to skyva den saman.
Under nissefesten på Utsyn fekk dei aller minste servert snø på eit fat inne i barnehagen.
– Det er viktig at borna får bli kjent med snøen i sitt eige tempo. Det gjekk ikkje lang tid før dei blei vanemed nøen og tykte det var stas, sjølv om dei var litt skeptiske i byrjinga, fortel leiar Merete Edland Skibenes.
Medan dei minste borna gjorde seg kjent med snøen, var dei litt eldre på juletrehogst på Hauskje juletregård. Der blei det tid til både grilling av pølser og kino. Og jammen dukka det ikkje opp eit levande juletre med godteposar også.
Omtrent samtidg det dukka opp ein nisse under samlingsstunda, midt under julesong-leikene inne i barnehagen. Heldigvis kom han ikkje inn, men sette ifrå seg ein sekk med godteposer og mandariner før han forsvann like fort som han kom. I jula kan alt skje.