Torsdag 25. januar klokka 18 held barnekoret Watoto Childrens’s Choir gratiskonsert i fleirbrukshallen på Finnøy der dei syng, dansar og fortel historier om gjenoppretting og håp.

Koret er frå Uganda. Dei er ute med albumet «Better Days – There Is Hope» og er på turne i Europa. Musikken er i sjangeren afrikansk gospel pop.

Bak arrangementet står fleire lokale organisasjonar, blant anna Hjerte for Finnøy. Før jul markerte dei Romanias nasjonaldag på biblioteket, så dei bidreg sterkt til å gjere Finnøy meir internasjonalt.

Alexandru Ciuciu-Freisinger er leiar i Hjerte for Finnøy. Foto: Silje Talgø Klakegg

– Me starta laget for kring sju år sidan med mål om å gje noko tilbake til Finnøy. Me er fleire frå Romania som har fått jobbar her og som har blitt tatt godt imot, seier leiar Alexandru Ciuciu-Freisinger.

Han kom sjølv frå Romania til Norge for 14 år sidan og fekk jobb på Finnøy gjennom avløysarlaget. Seinare har han tatt fagbrev i akvakultur.

Konserten torsdag trur Alexandru blir ei sterk oppleving:

– Mange av borna i dette koret har sterke historier. Ein blei kasta i søppelet rett etter at han blei fødd og blei tilfeldig redda ut av framande. Når me ser den gleda dei har i dag og kor flinke dei er, så er det til å bli inspirert av.

Sjå musikkvideo med Watoto Children: