Hamnesjef Daniel Nedrebø Gjertsen håpar på storinnrykk av festivaldeltakarar i juli. Foto: Arkiv

– Me vil følgje opp fjorårets suksess, og vel i år å invitere endå fleire artistar til ein formidabel fest over to dagar, seier Daniel Nedrebø Gjertsen, hamnesjef på Helgøysund Marina, til Øyposten:

– Festivalen vil finne stad 21. og 22. juli i år.

Han fortel at dei på fredagen får besøk av Creedence Forever, som er eit Bergenbasert tributeband til Creedence Clearwater Revival. Dei vil spele kjende songar som «Have You Ever Seen The Rain» og «Proud Mary».

Same dag kjem også Gunnar Andersen med fullt orkester. Gunnar Andersen spelte også på Helgøysundfestivalen eit tidlegare år.

– På laurdagsprogrammet finn me Matti Røssland Trio og Abba Tribute Orkestra, seier Nedrebø Giertsen.

Han legg til at han håpar på fullt hus under Helgøysundfestivalen, som då blir den tredje i rekka.

Nedrebø Gjertsen håper at flest mogleg vil kome og dele ei forrykande festivalhelg saman med alle på Helgøysund Marina.