Direkte frå Rennesøydagen
- Sigbjørn Høidalen26. august15:24Roar Larsen kjøper kveldens første øl av Andreas Kjølleberg i ølteltet i Vikevåg. Foto: Sigbjørn Høidalen
Den store marknadsdagen i Vikevåg er over og matteltet nede på kaien blir gjort om til øltelt fram til dansen i Meieriet seinare i kveld.
– Fantastisk opplegg, seier Roar Larsen som sikra seg den første ølen.
- Sigbjørn Høidalen26. august14:46
Her er kva nominasjonskomiteen seier om Christer Corneliussen:
«Dedikerer hver eneste dag (6 dager i uka i snart 10 år) til å trene unger og ungdommer i kommunedelen. Han har opp mot 70 ungdommer på banen om gangen, der visjonen er vennskap og at de unge skal ha ett miljø på fritiden. Uansett vær og vind, helger og kvelder- han står der!»
- Sigbjørn Høidalen26. august14:42
Christer (37) fekk Mastrafjordprisen
Christer Corneliussen har vore sportsleg leiar i Rennesøy Fotballklubb sidan starten i 2014. Foto: Sigbjørn HøidalenSportsleg leiar Christer Corneliussen i Rennesøy Fotballklubb fekk laurdag Mastrafjordprisen etter å ha blitt stemt fram av publikum under Rennesøydagen.
– Eg er veldig glad og rørt, seier Corneliussen til Øyposten.
– Me har klart å skape eit fellesskap om fotball for barn og unge i Rennesøy, legg han til.
- Sigbjørn Høidalen26. august13:46Green Mountains digitale lykkehjul er populært. Sven Magne Ullenes deler ut is og andre premiar. Foto: Sigbjørn Høidalen
- Sigbjørn Høidalen26. august13:30Honning-karene fra Østhusvik, Lauritz Løvereide Stølås (t.v.) og Ravn Alec Løland Gundersen, viser fram ekte bier i arbeid. Sin første honning får dei først neste år. Foto: Sigbjørn HøidalenHarald Nilsen og Ragnhild Roaldstad ved inngangen der folk fram til klokka 13.00 kunne skanne seg inn på ei QR-kode med mobiltelefonen og stemme på kven som fortener Mastrafjordprisen. Foto: Sigbjørn HøidalenPolitikartorget vrimlar av så vel politikarar som veljarar. Foto: Sigbjørn Høidalen
- Sigbjørn Høidalen26. august13:11
Trur det må vere publikumsrekord
Linda Håvastein melder om veldig bra sal for "Gjenbruk med snert" i Meieriet. - Masse kjekke og handleglade folk her i dag, seier ho til Øyposten. Foto: Sigbjørn HøidalenFolk Øyposten har prata med trur det må vere publikumsrekord for Rennesøydagen i år. I fjor var det 2000 innom.
Været har så langt halde seg upåklageleg trass utrygt varsel.
- Silje Talgø Klakegg26. august12:47
Lesestund med Eli-Gunn
Lesestund for dei små på biblioteket Foto: Silje Talgø KlakeggEli-Gunn les Den kjempestore boka om Poteby
- Silje Talgø Klakegg26. august12:46
Politi vitjar Rennesøydagen
Politiet visar ein interessert gutteflokk korleis han kan beskytte seg sjølv viss nokon skulle kaste tomatar på han. Foto: Silje Talgø Klakegg - Silje Talgø Klakegg26. august12:34
Moglegheit for å prøve minigravar
Odd Arild Talgø prøver minigravar Foto: Silje Talgø Klakegg - Silje Talgø Klakegg26. august12:25
Underhaldning ved scena
Rennesøydanserane Foto: Silje Talgø KlakeggRennesøydanserane dansa til Shake it off.
- Silje Talgø Klakegg26. august12:16
Mange båtar ligg til kai
Restauration ligg til kai i Vikevåg Foto: Silje Talgø KlakeggRestauration var den første båten som reiste fra Stavanger til Amerika med emigranter. Dette skipet er en kopi av originalen, bygd på Judaberg og sjøsett i 2010.
- Sigbjørn Høidalen26. august11:36
- Sigbjørn Høidalen26. august11:32
Linda er ein av tolv nominerte til Mastrafjordprisen
Linda Saglien Svensen dirigerer korpsmusikarar frå heile Rennesøy kommunedel ved inngangen til festivalområdet. Linda er dessutan ein av tolv nominert til Mastrafjordprisen, som delast ut kring klokka 14.30 i dag. Foto: Sigbjørn Høidalen - Silje Talgø Klakegg26. august11:22
Ordføraren tala om fellesskap
Kari Nessa Nordtun, Arbeidarpartiet Foto: Silje Talgø KlakeggOrdførar i Stavanger kommune, Kari Nessa Nordtun, tala til folkemengda som hadde møtt opp til opninga av Rennesøydagen.
- Sigbjørn Høidalen26. august11:04
Festivalen i Vikevåg er i gong
Lene Dalaker og Tom Egill Tobiassen i arrangementkomiteen ønskjer folk velkomen til marknaden i Vikevåg. Rett før klokka 11 laurdag byrjar folk å strøyme til stemneområdet nede på kaien. Foto: Sigbjørn HøidalenIda Nevøy-Meling med hesten Huldra står på stand for Mastra hestesportklubb. Foto: Sigbjørn Høidalen