Stiller ut Pia i Ottohuset
Pia Myrvold er festivalkunstnar under Tomatfestivalen.
Blant dei mange ting du kan gjere under Tomatfestivalen til helga er å ta ein tur innom Ottohuset for å sjå og eventuelt kjøpe bilete av Pia Myrvold.
– Me stiller ut 17 bilete pluss småtrykk. Prisane varierer frå 1000 til 42.000 kroner, seier styreleiar Thorstein Pedersen i stiftinga for Ottohuset:
– Å få inn ein så anerkjent kunstnar som Pia Myrvold gir inspirasjon.
Myrvold har gjennom sommarhalvåret galleri i Sæbøvågen på Fogn, der ho eig eit hus.
Utstillinga i Ottohuset opnar fredag klokka 18.00 og held oppe fram til søndag. Det kostar 50 kroner å kome inn. Namnet på utstillinga er passande nok «Ketch up».
Kart som viser Ottohuset: