FOGN: Pia Myrvold Art Foundation (PMAF) er namnet på den nyetablerte stiftelsen Venneforeningen.

Signalbygg

– Arbeidet med venneforeningen starta i mars 2023, og har per i dag 30 medlemmar, men målet er sjølvsagt å få mange fleire, fortel Torleiv Broch-Austvoll. Han sitt i styret saman med Even Isachsen frå Finnøy. Innan utløpet av neste år håpar dei å få inn fleire nye styremedlemmar.

– Kva er målet med venneforeningen?

– Me ønskjer å fremja interessa for kunst gjennom å legga til rette for ulike aktivitetar på tvers av ulike miljø. Den skal vera ei spennande plattform der medlemmane kan oppleva kunst, kreativitet, samt lokale krefter innan musikk, mat, litteratur, film og design. I tillegg har venneforeningen ein visjon om å bygga eit fysisk bygg som skal ta vare på kunsten hennar og gjera den tilgjengeleg for publikum. Bygget skal innehalda fleire funksjonar i tråd med visjonen til venneforeningen, seier Broch-Austvoll.

Allsidig

Pia Myrvold er kjent for sine mange uttrykksformer, store ambisjonar og luftige idear.

Fyrstkommander laurdag, den 29. april, inviterer ho til folkefest på Forus Travbane. The Sumerians on Holiday – A Day at the Hippodrome, med showløp kor hestar og kuskar skal køyra eit ordinært rikstottoløp i fargerike kostymar som ho sjølv har laga. På kvelden blir det mat og levande musikk for medlemmane.

I mai står vindfestivalen på Fogn for tur, med utgangspunkt i aentelieret i Sæbøvåg. I august skal ho vera med på Tomtafestivalen på Finnøy, før sesongen avsluttast med ein utstilling om mediekunst, og heilt til slutt oktoberfest i Sæbøvåg.