Sola Storband fyller 40 år neste år og vil garantert lage stor lyd når dei snart kjem til Kulturhuset Meieriet i Vikevåg. Foto: Sola Storband

Evy Østbø, medlem av Meieri-styret, er full av entusiasme for arrangementet som vil by på kjende melodiar frå den legendariske filmen Blues Brothers.

– Det er alltid nervepirrande å prøve noko nytt, men me gler oss enormt til denne kvelden, seier Østbø som tilrår alle å ta turen, også dei som ikkje nødvendigvis er Blues Brother-frelste.

Sola Storband, kjende for sin drivande storband-sound, vil ta scenen og trollbinde publikum med sine versjonar av dei udødelege slagerane til Blues Brothers. Etter konserten, når tonane frå storbandet har lagt seg, tek kvelden ei ny vending. Bandet «Made in Sola» skal halde festen i gang med livemusikk som garantert får folk ut på dansegolvet.

Dørene opnar klokka 18.30 og musikken startar klokka 19.00. Med ein kombinasjon av flott musikk, dans, bar med ymse drikkeval og ein garantert god stemning, er dette ein kveld du ikkje vil gå glipp av.