RENNESØY:

Grethe Ullenes stortrives når ho får vera kreativ. Det har ho fått utløp for med «Krans & møje kos», kor ho saman med venninna Nina Janson, lager all slags pynt.,

Du finn Ullenes og kransane deira på juletregården på Rennesøy. Grunnen til det er at kompisen hennar, Harald Fauskanger, som driv gården. Han tok initativ til at ho kunne ha ein eigen stad i nærleiken slik at dei får eit fint «samarbeid».

– Han foreslo at eg kunne vera i verkstaden, men då sa eg at heller ville ha sauefjøset. Han sa ja, men at eg jo då måtte gjera reint. Då måtte eg skrape ut all saueskiten som var her, ler ho.

LES OGSÅ: Mange reserverer tidleg: Har over 7000 tre klar til årets julefeiring

Sauefjøs

Ullenes fekk snart god hjelp til å fikse sauefjøset til, frå mannen, samt venninna Marianne, som også hjelper til med den kreative hobbyen i ny og ne.

Dei lagar mest kranser, derav namnet, men også mykje anna pynt. Det er stort sett noko dei driv med rundt juletider og påske, men ho har også levert mykje kistepynt.

– Eg pleide å gi kransane eg laga til naboane. Og for to år sidan var det nokre av dei som sa eg burde starte noko basert på dette, fortel ho.

Men ho trengte hjelp til å få fart i det.

– Eg synest det blei mykje arbeid, så venninna mi Nina blei med. Så me «putla» på. Me leverte til konfirmasjoner, bryllup og 70-årsdag, også vidare.

Det blei også fort populært då ho la ut bilder av det ho laga på Instagram.

Grethe Ullenes og venninnene trives med å lage kranser og pynt i alle størrelsar og fasongar, med glitter, bånd og det som er. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang

Berekraftig hobby

Ullenes og venninnene har ein berekraftig tankegang når dei lager pynt.

Alt som blir brukt frå naturen er ting som ho har plukka opp her og der. Men mykje av det er rester frå juletregården. Andre ting som må kjøpas inn finn dei på gjenbruksbutikkane.

– Eg går ofte tur for å finne materiale i naturen, og står gjerne med vann opp til knea for å plukke strå. Det likar eg, og brukar mykje tid på, seier Ullenes.

Grethe seier det å vera kreativ på denne måten, har vore livgivande.

– Eg har fått eit nytt liv. Det er inspirerande og kreativt, heilt magisk. Det har gitt, og gir, meg mykje glede, smiler ho.

No planlegger Ullenes eit koseleg uteområde utanfor fjøset, kor dei kan ha bålpanne og servere vafler. Ho har også starta med kurs i kranselaging, og har satt opp to kurs i november og desember, begge av desse er allereie fullbooka.

Den 27. november blir «Krans & møje kos» å finne på julemarkedet til Utstein klostergård.