STAVANGER:

– Eg gler meg til å jobba for at innbyggarane får eit enno rikare kulturliv, og for at kunstnarar og kulturarbeidarar skal oppleva anerkjennelse for det viktige arbeidet dei tilfører byen vår, seier ho.

Klok kulturstemme

Direktør Herbjørn Tjeltveit meiner Ehrenberg-Rasmussen er et godt val til jobben.

– Kristina har vore ein klar og klok kulturstemme som fungerande kultursjef. Ho har starta fleire viktige prosesser og gjort seg godt bemerka både internt og eksternt. Ho har ein solid forankring i kulturlivet og brei erfaring frå offentleg sektor, seier Tjelveit i pressemeldinga.

Kunstbyen

No gler den nye kultursjefen seg til å ta fatt i nye utfordringar, og å fortsette å utvikle Stavanger som kulturby.

– Forutan dei politiske satsingane i Stavanger2025, Akropolis-visjonen og

Å leve av kunst og kultur

, skal me utreda alt frå plan for visuell kunst og kunstbyen, til å videreutvikla Bjergsted som kulturpark, seier Ehrenberg-Rasmussen.