Prisvinnande marina og 100 år med butikk i Helgøysund
Fire generasjonar har utvikla butikken til eit prisvinnande reiselivsanlegg som båtfolket elskar.
SJERNARØY: Historia om verksemda i Helgøysund slik me kjenner den i dag, starta då Ola Nygård-Talgje etablerte butikk i eit gammalt skur på Brommaneset i Helgøysund for nøyaktig 100 år sidan.
Tome øskjer i hyllene
Ola, som er svigerfar til Daniel Nedrebø senior, kjøpte skuret av far sin for 30.000 kroner, som var svært mykje pengar for 100 år sidan. Men han var ivrig og ville koma seg ut av ein familiestrid om kven som skulle overta farsgarden.
Det førte til at søstera Bergit overtok garden og Ola blei kjøpmann. Men han var ikkje åleine om å driva butikk i Helgøysund. Ommund Talgje hadde drive Helgøysund Landhandel i mange år allereie. Men det tok likevel ikkje lang tid før Ola danka ut konkurrenten og Ommund måtte kasta inn handkleet. Det var ikkje liv laga for to butikkar på same plass.
– I tillegg var det to butikkar på Kyrkjøy og to på Bjergøy. Det er vel heller ikkje til å stikka under ein stol at det kunne nok vera litt skarpe kantar mellom dei to kremmarane, fortel Daniel, og held fram: Ola var svært arbeidsam og ein dyktig forretningsmann. Eg hugsar han fortalde at han sette tome øskjer i hyllene for å få det til å sjå ut som det var fullt av varer.
I inngangspartiet i Joker Helgøysund heng i dag eit bilete av skuret.
Berre eit par år etter oppstarten bygde svigerfar Ola ny butikk og lager i eitt og same bygg, ved sida av den gamle butikken. Samtidig dreiv han postkontoret i området; 4174 Helgøysund med eige stempel.
– Når folk snakkar om at det er moderne med Post i butikk, så kjenner dei ikkje historia. Det var heilt vanleg før i tida. Posten var på mange måtar sjølve limet i samfunnet. Dagens høgdepunkt var alltid då posten kom med dampen frå byen.
Då samla folk seg i butikken og svigerfar stilla seg bak disken og leste opp namna på alle som fekk brev. Han var ein fritalande mann og la ikkje skjul på kven som fekk kjærleiksbrev. Han hadde nok sett seg litt irritert på ein sambygding som ville vera litt finare enn andre, fordi han skreiv namnet sitt, Jakobcen, med c i staden for s. Dermed las han Jasobsen og fekk såleis gitt han eit lite stikk medan alle høyrde. Han hadde ein fin og lun humor.
Handla på «krita»
Sjølv om Ola hadde sikra seg landhandelmarkanden i Helgøysund, var det likevel nødvendig å spe på inntektene. Gjennom åra blei forskjellige attåtnæringar lagt til butikkdrifta, mellom anna revehald og oppkjøp av hummar. For at fiskarane skulle sleppa å reisa til Helgøysund med fangsten, reiste Ola rundt på øyane med skuta «Sjøsprøyt» og henta fangsten.
Daniel fortel at den nye butikken selde fiskeutstyr. Fiskarane på øyane måtte innom butikken i Helgøysund og kjøpa utstyr, før sildefiske på vinteren og makrellfiske på sommaren.
– Alle handla på «krita» og betalte då dei kom heim og fisken var selt, smiler Daniel.
Harde tider
Like etterpå kom det drivhus, driftsbygning og løe på garden.
Men det var fysrt då Danile gifta seg med Olaug, dottera til Ola, i 1969, at det blei skikkeleg oppsving i Helgøysund. Olaug hadde tatt artium på Kongsgård i Stavanger, og hadde slett ikkje lyst å bli gardskjerring.
Heller ikkje odelsguten Daniel var særleg interessert i å overta heimgarden på Aubø. Dermed overlét han den biten til yngstebroren Andreas, og flytte sjølv til Helgøysund og gjekk i kompaniskap med svigerfaren.
Men det var likevel ikkje berre beint fram. Då Olaug og Daniel overtok butikken i 1969 butikken, var det heller skrale tider og Daniel måtte ta seg anna jobb ved sida av.
– Eg hugsar enno at det var 50 kroner i kassa enkelte dagar. Med ei slik omsetting såg me snart at det var nødvendig med fleire føter å stå på om me skulle bli verande i Helgøysund. Det førte meg til eit byggefirma på Austlandet medan Olaug var heime og dreiv butikken. Heldigvis fekk eg ordna meg fri tre månadar om sommaren slik at eg fekk bygga båthamn.
Pionerarbeid
Omtrent på same tid bygde svigerfaren den fyrste utleigehytta i Helgøysund, ein business som Daniel sidan tok over og vidareførte i 1977.
– Ola kjøpte dei gamle brakkene i marmorgruvene på sørvestsida av øya og brukte materialet til å bygga hytta, det var slik det starta. Då eg bygde mi fyrste utleigehytte, omtrent samtidig med svigerfar, fekk eg høyra av enkelte sambygdingar at eg var galen og aldri ville få pengane igjen.
Det kom til og med ein bankmann inn hit for å fortelja Olaug kor mykje me kom til å tapa på hytta som var kostnadsrekna til 90.000 kroner. Det gjekk nøyaktig to år før den var nedbetalt. Eg fekk blod på tann og bygde fem til fortløpande, noko som skulle visa seg å vera ein god idé. Det var akkurat då oljå kom til Stavanger.
Sidan bygde Daniel ut og oppgraderte båthamna, utvida butikken og bygde kafé i same bygg. Sjølv om Helgøysund blomstra såg dei ennå ein gong at verksemda måtte byggast ytterlegare ut for å halda tritt med utviklinga. Båtturisme og lakseoppdrett blei svaret på det. Stjernelaks lever i enno i beste velgåande på Helgøy. Dette begynte på slutten av 60-talet, då det tradisjonelle fiske hadde vore på retur ei heil stund.
Gjeve prisar
Slik heldt Olaug og Daniel på å utvikla Helgøysund i mange år, også etter at Olaug fekk MS og blei lenka til rullestolen. Ho var ei skarp og kvikk dame og mangeårig politikar i gamle Finnøy kommune. Samen fekk dei to ting til å skje.
I 2006 overtok dottera Oddfrid Nygård Nedrebø og partnaren Dag Ove Gjertsen det som var blitt eit blomstrande reiselivsanlegg i Helgøysund.
– Det begynte eigentleg med at eg skulle gi mor ei handsrekking i butikken. Eg skulle berre vera med å ta unna ein topp. Eg ville bruka utdanninga mi, og tenkte ikkje at det var her eg skulle ha arbeidskarrieren min. Slik blei det jo ikkje, smiler Oddfrid som er tredje generasjon på bruket.
Oddfrid har god hjelp i butikken av sonen Daniel. Han er 17 år og har begynte sikta seg inn på ei utdanning som gjer han i stand til å overta anlegget. Ofte er han å sjå saman med morfar på forskjellige arrangement. Han er likevel ikkje overtydd om han vil fortsetta i fotspora til oldefar, morfar og mor.
– Det er fleire ting som gjer meg usikker, eg veit ikkje sikkert ennå, smiler Daniel junior.
I 2008 og 2022 kåra Båtmagasinet reiselivsanlegget i Helgøysund til Årets Gjestehavn.