I helga var det konsert og utstilling av kunst i Ottohuset på Judaberg, og laurdag var det to konsertar i Kulturstova på Finnøy skule.

Dei neste dagane blir det halden fleire små konsertar og framsyningar kring om på Finnøy og Rennesøy, melder kulturskulen.

Arrangementa er ein del av Stavanger kulturskules sommarfestival, der elevane i kulturskulen får vist fram kva dei har lært.

Festivalen avsluttast søndag 18. juni med konsert i Talgje kyrkje klokka 17.00. Då blir det musikk med elevar frå Laimas fiolin- og bratsj-klasse, ifølgje programmet.