Dette er eit krimdrama i sju deler basert på gullhøna til Oddrun Merete Handeland som me blei kjende med i påsken for tre år sidan. I fjor gifta ho seg med ein hane frå Hanasand. Mange hugsar nok at det blei stor ståhei då den nygifte mista hanekammen, og heile Judaberg var med i jakta.

Ny vri

I år er det ein forsvunnen påskehare som er utgangspunktet for den årlege påskekrimmen frå innbyggartorget. Silje Klagegg frå Sjernarøy har også i år skrive teksten som skal ta leitemannskapa gjennom ulike postar i Judaberg sentrum, og til slutt oppklara mysteriet.

Ikkje berre har ho laga ei forrykande historie. Silje har og gjøymt sju barnesongar i teksten. Dei som klarer finna namnet på alle songane er med i trekninga om ein ekstra premie.

Jens Flesjå har laga illustrasjonane.

Før start må alle som ikkje allereie har trimpoengappen på telefonen, lasta den ned. Det er berre via denne appen du får informasjon om postane, i tillegg til trimpoeng. Sjekkar du inn i appen i rett rekkefølgje er du med i ei premietrekning.

Leiteaksjonen startar torsdag før palmehelga og varer til veka etter påske.

Påskekrimmen er eit samarbeid mellom innbyggartorget, biblioteket og frivilligsentralen.