To av sju musikarar som bidreg på konsertopplevinga. Foto: Silje Talgø Klakegg

Øyposten besøkte kyrkja medan Olaug Øygarden og Magnhild Vignes Kalleberg var i gang med førebuingane til julekonserten «Barnet har vist oss».

– Konserten er heilt gratis, fortel Øygarden.

– Me ønskjer at alle skal få moglegheita til å gå på julekonsert og kjenne på julestemninga, og då vil me ikkje at det økonomiske skal vere ein terskel. Her kan du med fordel ta med heile familien, så får de ei felles oppleving medan de går inn i julehelga.

Sju artistar

Til saman sju artistar står bak dei musikalske innslaga, mellom anna Anne Tove Øvrebø som kjem tilreisande frå Bokn for å delta, og Arnhild Rake som tek turen frå Tau.

Elles kjem Asbjørn Sivertsen, Gunhild Vignes, Gaute Tengesdal til å synge og spele julebodskapen i kyrkja fredag kveld. Det blir instrumentalt variert og både kjende og mindre kjende julesongar, der det skal handle om barnet som blei fødd i Betlehem den første jula.

– Barnet har jo vist oss korleis me skal vere mot kvarandre, og jula blir på ein måte å kome heim, seier Vignes Kalleberg.

– Julebodskapen er kjærleik, håp og fred, og det er det me ønskjer å dele med dei som kjem til Hesby kyrkje på konserten vår.

Kort prosess

Dei har ikkje hatt mykje tid til å planlegge, men er godt førebudd likevel.

– Me har vante musikarar med oss, og skal øve i ettermiddag, så dette blir nok bra, fortel Vignes Kalleberg og Øygarden.

– Planlegginga har me tatt over teams i løpet av hausten, sidan me bur nokså spreidd. Fleire av oss kjem heim til jul, og vil i det høve delta på julekonserten.

Det vil bli samla inn kollekt, der overskotet vil gå til Finnøy kyrkjelege ungdomslag.

– Det er ein organisasjon som me har stor respekt for. Eg har sjølv vakse opp i ungdomslaget, og meiner at deltakinga der har gjort meg til det mennesket eg er i dag, seier Vignes Kalleberg.

– Ungdomslaget er ein fin stad å vekse som menneske, og derfor vel me å gi kollekten til dei.

Dei håpar at mange vil ta turen til Hesby kyrkje fredag kveld og dele julebodskapen med dei.