FINNØY: Til vanleg er Øyvind Hefre Johnsen den du må snakka med viss du skal ha bilen på verkstad hos Hesby Auto på Finnøy. Der begynte han som kundemottakar for eit halvt år sidan, og likar seg kjempegodt.

-Det er verkeleg mange kjekke folk her på Finnøy, og gode arbeidskollegar, seier Øyvind til Øyposten.

Før han begynte hos Hesby Auto var han mekanikar hos Rennesøy trafikk. Det blei ei bratt læringskurve å setja seg inn i data, men nå går det bra, synes han.

To av blinkskota til Øyvind, tatt på Fjøløy fyr. Foto: Øyvind Hefre Johnsen
Foto: Øyvind Hefre Johnsen

Som eit maleri

Før, på fritida likte han å skrua på bilar saman med kameratar.

-Nå har fotografering teke meir og meir over. Men kanskje om nokre år får eg meg ein skikkeleg veteranbil igjen, seier han.

Øyvind Hefre Johnsen er mykje ute i naturen og fotograferer. Fjøløy og Dalestemmen er nokre av favortittplassane hans.

-Eg brukar ofte langtidseksponering, då blir bileta nesten som eit maleri, seier han.

Utstyret han brukar er ein Cannon 70 D og ein mobiltelefon av merket Samsung S23 Ultra.

Fossen frå Dalestemmen er eit av dei ynda motiva hans, men også fyret, havet og dei bratte svaberga på Fjøløy.

-Det er ein populær plass for mange fotografar. Lyset der kan vera heilt uvanleg flott, seier han.

Smaken på foto fekk han for fem år sidan, og bileta legg han ofte ut på Instagram og Rennesøy før og nå. Det er også folk som spør om å få kjøpa bilete av han, og då er han ikkje vanskeleg.

Bålkaffi smakar best

Det er ute i skog og mark han trivst aller best, og han tek seg ofte ut på tur med kameratar, familie eller åleine.

-Eg bur åleine i Vikevåg, men tek meg ofte ein tur til Dalestemmen og går rundt vatnet der. Det er ein veldig flott plass, tykkjer han.

Øyvind har bakrunn som speidar, og sansen for naturopplevingar fekk han inn den vegen.

-Å tenna opp eit lite bål, kjenna varmen og lukta av ved er heilt topp. Og ingen kaffitår smakar betre enn den som er kokt på bål, seier han.

Og bålkaffien nyt han i koppen han laga på sløyden i 10. klasse på Rennesøy.

-Den har fulgt meg alltid, slår han fast.