Martha Rise på sangoppdrag i Dubai. Ho kan melde om høg kanapé- og champagnefaktor. Foto: Privat

Av Maren Bø

Seint på 1990-talet skulle det vere skulekonsert i gymsalen på Rennesøy. Vamp var klar, men det var ikkje Rita. Heldigvis visste Rennesøy råd: For me hadde jo Martha. Og Martha song Tir n'a Noir som øybuarane aldri før hadde høyrt han. Eit bergtatt publikum gløymde der og då både lekser og harde trebenkar.

Store delar av Martha sin musikkoppvekst gjekk føre seg på Meieriet. Ho fortel om eit miljø som la til rette for musikalsk utvikling.

– Eg har ikkje tal på kor mange vårkonsertar, kulturmønstringar, korpskonsertar, solo-opptredenar og musikalar eg har tatt del i på Meieriet. Meieriet var ein proff arena som gav oss unge i musikkmiljøet eit springbrett til ennå større scener, fortel ho.

Trass Rennesøy si beskjedne storleik på kartet, vart også Meieriet ein attraktiv konsertstad for store artistar der ute. Dette mykje takka vere god lyd frå Harald Brimsø og Gunvar Østhus, ei enorm dugnadsånd og eit publikum som stilte opp når noko skjedde.

Og når me snakkar om dugnad, Martha har også hatt sine timar i skrubben. Utanom å vere vokalist på scenen eller musikalansvarleg, har ho også stått i baren, assistert Mette Galta i maten og gjort jobben som groupie backstage.

– For ikkje å snakke om alle dei gode påsefestane, der ein lett hamna på kjøkkenet etterpå og det vart fortalt slåser til langt på natt. Før ein gjekk på innsida av hælane heim, fortel ho.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at Martha blir glad av å tenke på Meieriet.

– Eg trur staden har vore ein heim for mange. Det å skape noko i fellesskap og på same tid ha det kjekt, var drivkrafta, avsluttar ho.

Visste du at Martha syng på kassetten «Ein snarvei te byen» som vart utgjeve i då Rennfast opna i 1992? Dette skjedde i samarbeid med Statens vegvesen, og refrenget gjekk slik: «Me har fått ein snarvei te by`n, og me kjøre fort så et lyn».