Inger Lise Jørgensen (bak) og Brita Nærheim ved Kulturhuset Meieriet er nøgd med dei nye lettelsane.|Margrethe Røed, Fantorangen og Selma Ibrahim tar turen til Rennesøy i desember.

RENNESØY

: Rennesøy kulturhus, også kjend som Meieriet, har to kjekke ting på plakaten i nær framtid.,

Først ut er julekonserten, «Fredelig jul med Inger Lise Hope», 5. desember.

Og 12. desember er det ein godbit for dei små. Då kjem nemleg NRK Supers julemagi til kulturhuset.

Fantorangen

Her kan barna få sjå sjølvaste Fantorangen på scena.

– Det har vore veldig bra billettsal, spesielt i førehald til det me er vande med her. Med ein gong me la billettane ut, blei mange seld fort. Og så har det naturleg nok roa seg litt. Men me har absolutt plass til fleire, fortel styreleier Inger Lise Jørgensen.

Dei har foreløpige selt rundt 150 billettar til dette, men det er altså god plass til fleire. Det er til og med sett opp to førestillingar av denne, slik at det er rom for alle som vil.

– Det er ikkje så mange stader øyfolket kan få med seg akkurat denne førestillinga, så me håper og trur me får selt meir, seier ho.

Margrethe Røed, Fantorangen og Selma Ibrahim tar turen til Rennesøy i desember. Foto: FOTO: NRK

– Skuffande

Til julekonserten med Inger Lise Hope har det hittil vore grei respons, men også her er det plass til mange fleire.

– Det er vel rundt 25 selde billettar til no, men det er tålig bra det altså. Men me forventer det blir meir framover.

Arrangørane på Meieriet blei veldig skuffa då det måtte avlyse bygdedansen som var planlagd i slutten av oktober. Då blei det selt så lite at det ikkje var noko poeng å gjennomføre det.

– Me blei litt oppgitt. Det var veldig skuffande at arrangementet måtte avlysas, men det blir ingen fest utan folk, og me kunne ikkje gamble på billettsal i døra. I ettertid såg me at det var eit stort arrangement på Finnøy kvelden før, kan hende det er noko med det også, seier Jørgensen.

https://www.oyposten.no/2021/10/21/forste-gang-avlyser-pa-grunn-av-elendig-pamelding/

Styreleiaren håper dei kan få til koordinering med andre arrangement på Finnøy framover, og kanskje til og med samarbeid.

– Me er eitt, og litt utkant både Rennesøy og Finnøy, i nye Stavanger kommune. Gratis bom knytta øyene nærare, men har også gjort det lettare å dra til byen. Skal me klare oss, må me jobba i lag for å få til eit godt kulturtilbod i nærmiljøet. Det kan bli positivt. Me har berre godt av å treffes, ler ho.

https://www.oyposten.no/2021/09/25/vil-gjenoppliva-rennesoydagen/