Av Olav Hovda

Tidsrom og område: Søre Fogn og Hanasand høyrde til Talgje kyrkje fram til ca 1916. Når dei frå første gong reiste til kyrkje på Talgje er umulig å vite.

Talgje kyrkja blei bygd ca 1140 og i likskap med Talgje så trengte desse folka ein plass der dei kunne døypa sine barn, konfirmasjon, når den tid kom, gifta seg og gravleggja sine døde.

På Søre Fogn var gardane Eie, Hovda og Rossøy som høyrde til Talgje kyrkje. Naturleg nok så reiste dei kvar med sin båt frå den garden dei høyrde til. Folket var vandt med båt og sjø.

Sjøen var både arbeidsplass og veien. På Talgje landsette dei på Fognalendingane heilt på aust på øya . Her var det naturleg hamn og dei valde plass for båtane, nord eller sør alt etter vêret. Det hadde vore moro å sett tilbake i tida. Å sjå folket koma roande over fjorden, gå i iland ved Fognalendingane og pynta seg til kyrkjes. Ja, oppi marka fanst det før i tida ein stor stein som heitte pynesteinen.

Dei gamle stiane og kjerreveien er så godt som borte, men det er fortsett grindhol i steingardane. I kyrkja hadde kvar gard sin faste benk og det var streng rangordning. Dei Gard først så dei Meling og Ødstebø, dernest dei frå Fogn og Hanasand.

Nede ved døra var ein binge, garde, kalla «fonten» der husmennene fekk tilvist plass. Etter ein reparasjon i kyrkja i 1870 var det slutt på dei faste plassane.

Lysekrona i Talgje kyrkje. Foto: Olav Hovda

Det blir fortalt at første gudsteneste etter plassendring var husmennene tidleg over fjorden og sikra seg dei øvste plassane i kyrkja Ein må seia naturleg nok. Lysekrone: Halvard Torbjørnsen var fødd i 1650 og budde på Hovda. Han var ein holden mann. Han gifte seg først gang med enke Siri Olsdotter som då var godt over 50 .

Det vart ingen barn i ekteskapet og det var kansje pga alderen på kona at Halvard gav seg i lag med ei yngre kvinne, Guri Larsdotter, som vart med barn. Denne lauslivnaden var alvorlige saker.

Ein dag kom eit svært fylgje til gards på Hovda Lensmannen, fire lagrettemenn og fut møtte på Hovda. Her blei skrive ut ei klekkelig bot. Halvard måtte godta ei bot tilsvarande halve verdien av garden for sambuarskapen, lauslivnaden sin.

Midt oppi dette skjedde forunderlige ting. Ein torsdag såg husmennene i Rossøy eld over garden på Hovda. Då dei neste torsdag såg same synet,eld over garden, blei Torbjørn alvorlig fælen og tok dette som eit varsel, «Nå når synda meg igjen». Han reiste til byen og kjøpte lysekrone til Talgje kyrkje. Dette klarte han i tillegg til bota.

Eg undersøkte ei tilsvarande lysekrone hos Rygg Belysning idag på Randaberg som ville kosta ca 1,2 millionar. Det blei eit dyrt sidesprang for Halvard. Har ikkje funne svar på kor Halvard hadde fått rikdommen sin frå Halvard var også kyrkjeverge og ein respektert mann, merkeleg nok, i bygdesamfunnet . Kona gjekk ikkje frå Halvard. Ho hadde vel ingen stad å gå heller.

Dåp. Før reformasjonen 1 1537 var det vanleg at barnet blei døypt nede ved inngangsdøra, slik at barnet ikkje skulle føra noko vondt med seg inn i kyrkja.

Det siste barnet som blei døypt frå Rossøy er dotter til Anders og Gurine født 22. september 1882.

Konfirmasjon. Konfirmasjonen i. Norge blei innført ved lov i 1736. Lova var så streng at konfirmasjon var absolutt nødvendig for at du kunne koma i arbeid og gifta deg.. Vart du ikkje konfirmert innan du var 19 år så kunne det medføre tukthus eller gapestokk, fryktelig urettferdig.

Giftarmål. Denne gudstenesteverksemda førte med seg det blei knytta sosiale band mellom øyane. I eit tidsrom frå 1645 og fram til ca 1915 så er det 10 personar frå Talgje som har gifta seg til Fogn. Eit gardbrukarpar på Gard på Talgje fekk 7 barn. 4 av dei vart gift til Fogn på byrjinga av 1900-talet. Foreldra fann ut at dei kunne flytta etter og kjøpte seg gard på Øvre Eie på Fogn.

Dei siste som gifta seg i Talgje kyrkje frå Fogn, var John Runestad og Karen Martine Førre. Dette var 22. november 1917. Nattverd protokollen er fyldig og interessant lesnad. Starten på nattverd var ved påsketider og antall nattverdgjester var stort sett mellom 50 og 100 pr gong.

Presteskyss. Kvar gardbrukar i heile prestegjeldet hadde plikt til å skysse presten til og frå kyrkja 3. kvar søndag. Klokkeren kunngjorde frå kordøra kven si plikt det var neste gong Og kvar enkelt måtte sjølv passa plikta si. Det kunne vanka bot dersom unnasluntring. Her var disiplin. Opplysningar , kjelde til dette interessante tilbakeblikket: Jostein Gard 050522