Saman med pianist John Morten Storflor har Mari Hauge spela inn plata «Stilt under sternetjeld».

– Utgjevinga er samansett av fem skikkeleg gamle julesongar i ny, nedstrippa og vakker drakt. Med eit enkelt og sterkt uttrykk har me harmonisert, arrangert og framført soundtracket til den jula me sjølv ønskjer oss; stille, fredfull og ekte, skriv Mari Hauge i ei pressemelding.

Mari omtalar seg som dels sjernarøybu. Morfaren var den kjende forfattaren Alfred Hauge, og Mari brukar skrivestova til Alfred på Sjernarøy, fortel ho. Platetittelen «Stilt under stjernetjeld» er henta frå Alfreds julesalme «Å Betlehem, du vesle by».

Ein låt frå plata, med tekst av Edvard Hoem, ligg allereie ute, men fredag 1. desember kjem altså heile utgjevinga med i alt fem julesongane.

Mari Hauge er artist og låtskrivar frå Stavanger. Ho held seg i sjangeren viser og visepop med poetiske tekstar på norsk.