Den 2 minuttar og 23 sekundar lange filmen heiter «Rennesøy kommunedel – hele livet her», men den burde gi gjenklang for folk i Finnøy òg.

«Hadde de turt å svinge av E39», seier forteljarstemma med adresse til alle som berre køyrer gjennom Ryfylkeøyane på veg til ein annan stad.

«Mesteparten av kjøleskapet ditt kommer herfra. Kjøtt og melk fra de fineste kyrne. Verdens beste tomater. Sau som nyter den friske lufta. Kylling og gris.»

Sjå filmen her:

– Me har laga filmen for eigen del, fordi me er glade i øyane der me bur og for å vise at me driv eit reklamebyrå, seier Tom Egill Tobiassen i Ryklame.

Han driv firmaet saman med kona Alvilde. Forteljarstemma i filmen tilhøyrer sonen Otto Norman Tobiassen (7).

Otto Norman Tobiassen (7) les teksten. Foto: Privat

«Øyene våre er omringa av vann og ein enorme historie», seier forteljaren:

«Sjølv om sjøen skiller øyene våre, har me fellesskap, oss øybuere.»

Som musikk i eit øyøyre dette.